Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 10:9-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Når de dreg i krig i dykkar eige land mot ein fiende som går til åtak på dykk, skal de blåsa lange støytar på trompetane. Då skal Herren dykkar Gud minnast dykk, så de blir berga frå fiendane.

10. På glededagane og i høgtidene og på nymånedagane dykkar skal de blåsa i trompetane når de ber fram brennoffer og fredsoffer. Det skal vera ei påminning om dykk hos dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.

11. I det andre året, på den tjuande dagen i den andre månaden, lyfte skya seg frå vitnemålsbustaden.

12. Då braut israelittane opp frå Sinai-ørkenen og drog fram i dagsmarsjar. Og skya stansa i Paran-ørkenen.

13. Dette var første gongen dei braut opp på Herrens ord gjennom Moses.

14. Leiren til Juda-sønene braut først opp under sitt banner, hæravdeling for hæravdeling. Hærføraren var Nahsjon, son til Amminadab.

15. Hærføraren for Jissakar-stammen var Netanel, son til Suar.

16. Hærføraren for Sebulon-stammen var Eliab, son til Helon.

17. Så vart bustaden teken ned, og dei som skulle bera han, Gersjon-sønene og Merari-sønene, braut opp.

18. Så braut Ruben-leiren opp under sitt banner, hæravdeling for hæravdeling. Hærførar var Elisur, son til Sjede'ur.

19. Hærførar for Simon-stammen var Sjelumiel, son til Surisjaddai.

20. Hærførar for Gad-stammen var Eljasaf, son til De'uel.

21. Så braut kehatittane opp, dei som bar dei heilage tinga. Før dei kom fram, skulle bustaden reisast.

22. Så braut leiren til Efraim-sønene opp under sitt banner, hæravdeling for hæravdeling. Hærføraren var Elisjama, son til Ammihud.

23. Hærførar for Manasse-stammen var Gamliel, son til Pedasur.

24. Hærførar for Benjamin-stammen var Abidan, son til Gidoni.

25. Så braut leiren til Dan-sønene opp under sitt banner, som baktropp for alle leirane, hæravdeling for hæravdeling. Hærføraren var Ahieser, son til Ammisjaddai.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 10