Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 10:30-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Hobab svara: «Eg blir ikkje med, eg går heller heim til mitt eige land og mi eiga slekt.»

31. Då sa Moses: «Gå ikkje frå oss! Du veit best kvar vi skal slå leir i ørkenen. Du må vera auge for oss.

32. Går du med oss, skal vi la alt det gode som Herren gjer mot oss, òg koma deg til gode.»

33. Så braut dei opp og drog frå Herrens fjell, tre dagsreiser. Og Herrens paktkiste drog føre dei, tre dagsreiser, for å finna ein kvilestad for dei.

34. Herrens sky var over dei om dagen når dei braut opp frå leiren.

35. Kvar gong kista braut opp, sa Moses:«Reis deg, Herre!Lat fiendane dine bli spreiddeog motstandarane dine flykta for deg!»

36. Og når ho var i ro, sa han:«Kom tilbake, Herre,til Israels ti tusen gonger tusen!»

Les hele kapitlet 4. Mosebok 10