Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 10:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. Lag deg to trompetar! Du skal laga dei av hamra sølv. Du skal bruka dei når du kallar forsamlinga saman, og når leiren skal brytast.

3. Når dei blæs i dei, skal heile forsamlinga koma saman hos deg ved opninga til teltheilagdomen.

4. Blæs dei berre i den eine, skal leiarane, overhovuda for Israels tusen, samlast hos deg.

5. Når de blæs lange støytar, skal dei som har leir mot aust, bryta opp.

6. Når de blæs lange støytar andre gongen, skal dei som har leir mot sør, bryta opp. Lange støytar skal blåsast når dei skal bryta opp.

7. Når de kallar forsamlinga saman, skal de gje signal, men ikkje blåsa lange støytar.

8. Det er Aron-sønene, prestane, som skal blåsa i trompetane. Dette skal vera ei evig ordning for dykk, frå slekt til slekt.

9. Når de dreg i krig i dykkar eige land mot ein fiende som går til åtak på dykk, skal de blåsa lange støytar på trompetane. Då skal Herren dykkar Gud minnast dykk, så de blir berga frå fiendane.

10. På glededagane og i høgtidene og på nymånedagane dykkar skal de blåsa i trompetane når de ber fram brennoffer og fredsoffer. Det skal vera ei påminning om dykk hos dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.

11. I det andre året, på den tjuande dagen i den andre månaden, lyfte skya seg frå vitnemålsbustaden.

12. Då braut israelittane opp frå Sinai-ørkenen og drog fram i dagsmarsjar. Og skya stansa i Paran-ørkenen.

13. Dette var første gongen dei braut opp på Herrens ord gjennom Moses.

14. Leiren til Juda-sønene braut først opp under sitt banner, hæravdeling for hæravdeling. Hærføraren var Nahsjon, son til Amminadab.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 10