Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 5:13-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Såleis skal presten gjera soning for han for den av desse syndene som han har gjort, så han får tilgjeving. Det som er att av offeret, skal høyra presten til, på same måten som med grødeofferet.

14. Herren sa til Moses:

15. Når ein person syndar av vanvare og tek for seg av det som er heilagt for Herren, og såleis handlar trulaust, då skal han koma med skuldofferet sitt til Herren: ein feilfri vêr av småfeet til skuldoffer, verdsett i sølvsjekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.

16. Han skal gje vederlag for synda si mot det heilage, og i tillegg skal han gje ein femtepart til presten. Presten skal gjera soning for han med skuldoffervêren, så han får tilgjeving.

17. Dersom nokon syndar og gjer noko Herrens bod forbyr, utan å vita det og slik fører skuld over seg, då må han sjølv bera skulda for dette.

18. Han skal koma til presten med eit skuldoffer, ein feilfri vêr av småfeet, verdsett som eit fullgodt offer. Og presten skal gjera soning for han for den synda han har gjort av vanvare, utan å vita om det, så han får tilgjeving.

19. Det er eit skuldoffer. Han har ført skuld over seg for Herren.

20. Herren sa til Moses:

21. Det kan henda at ein person syndar og ber seg trulaust åt mot Herren. Han lyg for landsmannen sin om eitkvart han har fått overlate eller tiltrudd, eller om eitkvart han har røva eller teke frå landsmannen sin med vald,

22. eller han har funne noko som ein annan har mista. Han lyg om det og sver falskt om ei eller anna synd som eit menneske kan gjera.

23. Då skal den som har synda og ført skuld over seg, gje att det han har røva eller teke med vald, fått i forvaring eller funne etter at det var bortkome,

24. eller svore falskt om. Han skal gje fullt vederlag og leggja til ein femtepart. Same dagen som skulda hans blir kjend, skal han gje det til eigaren.

25. Dessutan skal han koma til Herren med eit skuldoffer, ein feilfri vêr av småfeet, verdsett som eit fullgodt offer, og gje han til presten.

26. Og presten skal gjera soning for han for Herrens andlet, så han får tilgjeving for alt det han måtte ha gjort seg skuldig i.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 5