10. Mellom israelittane var det ein mann som var son til ei israelittisk kvinne, men som hadde ein egyptisk far. I leiren kom sonen av den israelittiske kvinna i krangel med ein israelitt.
11. Denne sonen spotta Namnet og forbanna det. Då førte dei han til Moses. Mor hans heitte Sjelomit og var dotter til Dibri frå Dan-stammen.
12. Dei heldt han i forvaring til saka kunne avgjerast med eit ord frå Herren.
13. Og Herren sa til Moses:
14. Før spottaren utanfor leiren! Alle som høyrde han, skal leggja hendene på hovudet hans, og heile forsamlinga skal steina han.
15. Så skal du seia til israelittane: Den som forbannar sin Gud, fører synd over seg.
16. Og den som spottar Herrens namn, skal døy; heile lyden skal steina han. Anten han er innflyttar eller fødd i landet, skal han drepast når han spottar Namnet.
17. Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy.
18. Den som slår i hel eit husdyr, skal gje vederlag for det, liv for liv.
19. Når nokon skader landsmannen sin på kroppen, skal det same gjerast med han som han sjølv har gjort:
20. brot for brot, auge for auge, tann for tann. Den same skaden som han gjer ein annan, skal han sjølv få.
21. Den som slår i hel eit husdyr, skal gje vederlag for det. Men den som slår i hel eit menneske, skal døy.
22. Éi lov skal gjelda for dykk, anten de er innflyttarar eller fødde i landet. For eg er Herren dykkar Gud.
23. Dette sa Moses til israelittane, og dei førte spottaren ut or leiren og steina han. Israelittane gjorde som Herren hadde sagt til Moses.