Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 16:3-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Dette skal Aron ha med seg når han går inn i heilagdomen: ein ung okse til syndoffer og ein vêr til brennoffer.

4. Han skal kle seg i ein heilag kjortel av lin, dekkja kroppen med ei bukse av lin, spenna eit linbelte om livet og ta på seg ein turban av lin. Dette er dei heilage kleda. Han skal vaska kroppen med vatn før han tek dei på seg.

5. Frå Israels forsamling skal han ta to geitebukkar til syndoffer og ein vêr til brennoffer.

6. Aron skal leia fram den oksen som er syndoffer for han sjølv, og gjera soning for seg og sitt hus.

7. Så skal han ta dei to bukkane og stilla dei fram for Herrens andlet, i inngangen til teltheilagdomen.

8. Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel.

9. Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og laga til som syndoffer.

10. Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens andlet. Ved han skal det gjerast soning når han blir send ut i ørkenen til Asasel.

11. Aron skal leia fram sin eigen syndofferokse og gjera soning for seg og sitt hus. Han skal slakta syndofferoksen sin.

12. Så skal han fylla glopanna med glør frå altaret framfor Herrens andlet, og ta to fulle nevar med finstøytt, velluktande røykjelse og bera det innanfor forhenget.

13. Han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens andlet så skya av røykjelsen gøymer soningsstaden som er over vitnemålet; elles må han døy.

14. Så skal han ta litt av okseblodet og skvetta det med fingeren mot soningsstaden, på austsida. Framfor soningsstaden skal han sju gonger skvetta litt blod med fingeren.

15. Så skal han slakta den syndofferbukken som er for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Han skal gjera med blodet som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden.

16. Han skal gjera soning for heilagdomen på grunn av ureinskapen til israelittane, lovbrota og alle syndene deira. Såleis skal han gjera med teltheilagdomen, som står hos dei midt i ureinskapen deira.

17. Det må ikkje finnast noko menneske i teltheilagdomen frå Aron går inn for å gjera soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Han skal gjera soning for seg og sitt hus og for heile Israels forsamling.

18. Så skal han gå ut til altaret som står for Herrens andlet, og gjera soning for det. Han skal ta litt av okseblodet og litt av bukkeblodet og stryka det rundt om på altarhorna.

19. Sju gonger skal han skvetta noko av blodet på altaret med fingeren, reinsa det frå ureinskapen til israelittane og gjera det heilagt.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 16