Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 11:35-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

35. Alt det som eit av desse daude dyra dett ned på, blir ureint. Anten det er ein bakaromn eller ein kokeomn, skal dei slåast sund. Dei er ureine, og ureine skal dei vera for dykk.

36. Berre kjelder og brønnar som det samlar seg vatn i, er framleis reine. Men den som kjem nær det daude dyret, blir urein.

37. Dett dyret ned i korn som skal såast, er kornet like reint.

38. Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, er kornet ureint for dykk.

39. Når eit dyr som de kan eta, døyr, då er den som kjem nær det daude dyret, urein heilt til kvelds.

40. Den som et av dyret, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Og den som ber eit slikt dyr, skal òg vaska kleda, og han er urein heilt til kvelds.

41. Alle smådyra som myldrar på jorda, er motbydelege. Dei må ikkje etast.

42. Anten dei kryp på buken, eller dei går på fire eller fleire føter, må de ikkje eta dei. Dei er motbydelege.

43. Gjer ikkje dykk sjølve motbydelege ved smådyr av noko slag! Gjer dykk ikkje ureine ved dei, så de ikkje sjølve blir ureine!

44. For eg er Herren dykkar Gud. De skal helga dykk og vera heilage. For eg er heilag. De skal ikkje gjera dykk ureine ved smådyra som det kryr av på jorda.

45. For eg er Herren som førte dykk opp frå Egypt for å vera dykkar Gud. De skal vera heilage, for eg er heilag.

46. Dette er lova om dyra og fuglane, om alle levande skapningar som det kryr av i vatnet, og om alle dyr som myldrar på jorda.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 11