Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 11:31-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Desse smådyra er ureine for dykk. Den som kjem nær dei når dei er daude, er urein heilt til kvelds.

32. Alt det som eit slikt daudt dyr dett ned på, blir ureint, anten det er trekar eller klede, skinn eller sekker eller nokon annan bruksting. Det skal leggjast i vatn, og det er ureint heilt til kvelds. Sidan er det reint.

33. Dett eit slikt dyr ned i eit leirkar, blir alt det som er i karet, ureint, og karet skal de slå sund.

34. Kjem det vatn derifrå på noko som kan etast, blir det ureint. Alt som kan drikkast, blir ureint i slike kar.

35. Alt det som eit av desse daude dyra dett ned på, blir ureint. Anten det er ein bakaromn eller ein kokeomn, skal dei slåast sund. Dei er ureine, og ureine skal dei vera for dykk.

36. Berre kjelder og brønnar som det samlar seg vatn i, er framleis reine. Men den som kjem nær det daude dyret, blir urein.

37. Dett dyret ned i korn som skal såast, er kornet like reint.

38. Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, er kornet ureint for dykk.

39. Når eit dyr som de kan eta, døyr, då er den som kjem nær det daude dyret, urein heilt til kvelds.

40. Den som et av dyret, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Og den som ber eit slikt dyr, skal òg vaska kleda, og han er urein heilt til kvelds.

41. Alle smådyra som myldrar på jorda, er motbydelege. Dei må ikkje etast.

42. Anten dei kryp på buken, eller dei går på fire eller fleire føter, må de ikkje eta dei. Dei er motbydelege.

43. Gjer ikkje dykk sjølve motbydelege ved smådyr av noko slag! Gjer dykk ikkje ureine ved dei, så de ikkje sjølve blir ureine!

Les hele kapitlet 3. Mosebok 11