Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 11:29-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Av smådyra som myldrar på jorda, er desse ureine for dykk: moldvarpen, musa og alle slag firfisler,

30. anaka-firfisla, koah-firfisla, letaa-firfisla, salamanderen og kameleonen.

31. Desse smådyra er ureine for dykk. Den som kjem nær dei når dei er daude, er urein heilt til kvelds.

32. Alt det som eit slikt daudt dyr dett ned på, blir ureint, anten det er trekar eller klede, skinn eller sekker eller nokon annan bruksting. Det skal leggjast i vatn, og det er ureint heilt til kvelds. Sidan er det reint.

33. Dett eit slikt dyr ned i eit leirkar, blir alt det som er i karet, ureint, og karet skal de slå sund.

34. Kjem det vatn derifrå på noko som kan etast, blir det ureint. Alt som kan drikkast, blir ureint i slike kar.

35. Alt det som eit av desse daude dyra dett ned på, blir ureint. Anten det er ein bakaromn eller ein kokeomn, skal dei slåast sund. Dei er ureine, og ureine skal dei vera for dykk.

36. Berre kjelder og brønnar som det samlar seg vatn i, er framleis reine. Men den som kjem nær det daude dyret, blir urein.

37. Dett dyret ned i korn som skal såast, er kornet like reint.

38. Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, er kornet ureint for dykk.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 11