Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 11:18-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. slørugla, pelikanen og åtselgribben,

19. storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.

20. Alt kryp som har venger og går på fire, skal vera motbydeleg for dykk.

21. Men desse kan de eta av alt kryp som har venger og går på fire: det som ovanfor føtene har legger til å hoppa på marka med.

22. Av dei kan de eta desse: arbe-grashopper, solam-grashopper, hargol-grashopper og hagab-grashopper av alle slag.

23. Men alt anna kryp som har venger og fire føter, skal vera motbydeleg for dykk.

24. Dette er dei dyra som de blir ureine av. Den som kjem nær den daude kroppen deira, er urein heilt til kvelds.

25. Den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine. Han er urein til kvelds:

26. Alle dyr som har hovar og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal vera ureine for dykk. Kvar den som kjem nær dei, blir urein.

27. Og alle firføtte dyr som går på labbar, er ureine for dykk. Den som kjem nær den daude kroppen, er urein heilt til kvelds.

28. Og den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Dei er ureine for dykk.

29. Av smådyra som myldrar på jorda, er desse ureine for dykk: moldvarpen, musa og alle slag firfisler,

30. anaka-firfisla, koah-firfisla, letaa-firfisla, salamanderen og kameleonen.

31. Desse smådyra er ureine for dykk. Den som kjem nær dei når dei er daude, er urein heilt til kvelds.

32. Alt det som eit slikt daudt dyr dett ned på, blir ureint, anten det er trekar eller klede, skinn eller sekker eller nokon annan bruksting. Det skal leggjast i vatn, og det er ureint heilt til kvelds. Sidan er det reint.

33. Dett eit slikt dyr ned i eit leirkar, blir alt det som er i karet, ureint, og karet skal de slå sund.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 11