Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 11:12-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Alt i vatnet som ikkje har finnar og skjel, skal vera motbydeleg for dykk.

13. Desse fuglane skal vera motbydelege for dykk. Dei må ikkje etast, for dei er motbydelege: ørna, lammegribben og svartgribben,

14. glenten og alle slag falkar,

15. alle slag ramnar,

16. strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar,

17. kattugla, skarven og hubroen,

18. slørugla, pelikanen og åtselgribben,

19. storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.

20. Alt kryp som har venger og går på fire, skal vera motbydeleg for dykk.

21. Men desse kan de eta av alt kryp som har venger og går på fire: det som ovanfor føtene har legger til å hoppa på marka med.

22. Av dei kan de eta desse: arbe-grashopper, solam-grashopper, hargol-grashopper og hagab-grashopper av alle slag.

23. Men alt anna kryp som har venger og fire føter, skal vera motbydeleg for dykk.

24. Dette er dei dyra som de blir ureine av. Den som kjem nær den daude kroppen deira, er urein heilt til kvelds.

25. Den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine. Han er urein til kvelds:

Les hele kapitlet 3. Mosebok 11