Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 30:17-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Herren sa til Moses:

18. Du skal laga eit vaskefat av bronse med understell av bronse. Det skal du setja mellom teltheilagdomen og altaret og fylla med vatn.

19. Aron og sønene hans skal vaska hendene og føtene i det.

20. Når dei går inn i teltheilagdomen, eller når dei stig fram for altaret for å gjera teneste og brenna gåveoffer for Herren, skal dei vaska seg i vatnet, så dei ikkje må døy.

21. Dei skal vaska hendene og føtene, så dei ikkje må døy. Det skal vera ei evig ordning for dei, for Aron og ætta hans, i slekt etter slekt.

22. Herren sa til Moses:

23. Ta krydra balsam av beste slag: 500 sjekel flytande myrra, halvparten så mykje eller 250 sjekel velluktande kanel, 250 sjekel velluktande sukkerrøyr

24. og 500 sjekel kassia, alt etter vekta i heilagdomen, og dessutan ein hin olivenolje.

25. Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ei velluktande blanding slik ein salveblandar gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.

26. Med den skal du salva teltheilagdomen, kista med vitnemålet,

27. bordet med alt som høyrer til, lysestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,

28. brennofferaltaret med alt som høyrer til, og fatet med understell.

29. Du skal helga dei så dei blir høgheilage. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.

30. Og Aron og sønene hans skal du salva. Du skal helga dei til å gjera presteteneste for meg.

31. Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje i slekt etter slekt.

32. Han må ikkje hellast på kroppen til noko anna menneske, og de må ikkje laga nokon annan salve som er blanda slik. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 30