Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Røykjelsesaltaret

1. Du skal laga eit altar til å brenna røykjelse på. Av akasietre skal du laga det.

2. Det skal vera firkanta, ei alen langt, ei alen breitt og to alner høgt. Horna på altaret skal gå i eitt med det.

3. Både toppen, sidene og horna skal du kle med reint gull, og du skal laga ein gullkant rundt det.

4. Nedanfor kanten på begge sider skal du setja to gullringar. Dei skal vera haldarar for berestengene på kvar side, så altaret kan berast.

5. Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull.

6. Du skal setja altaret framfor forhenget som gøymer kista med vitnemålet, framfor soningsstaden som ligg over det, der eg vil møta deg.

7. Aron skal brenna velluktande røykjelse på det. Kvar morgon når han gjer i stand lampene, skal han brenna røykjelsen.

8. Det same skal han gjera i skumringa når han tenner lampene. Det skal vera eit dagleg røykjelsesoffer for Herrens andlet i slekt etter slekt.

9. De skal ikkje ofra uvigsla røykjelse på altaret og ikkje brennoffer eller grødeoffer. De skal heller ikkje hella ut drikkoffer på det.

10. Ein gong om året skal Aron gjera soning på altarhorna. Med blodet av det sonande syndofferet skal han gjera soning på altaret, i slekt etter slekt, ein gong om året. Altaret skal vera høgheilagt for Herren.

Tempelskatten

11. Herren sa til Moses:

12. Når du held manntal over israelittane, skal alle som blir talde, gje Herren løysepengar for livet sitt, så inga plage skal råka dei når dei blir talde.

13. Kvar den som blir tald, skal gje ein halv sjekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sjekel er tjue gera. Denne halve sjekelen skal vera ei offergåve til Herren.

14. Alle som blir talde, og som er over tjue år, skal gje ei offergåve til Herren.

15. Den rike skal ikkje gje meir og den fattige ikkje mindre enn ein halv sjekel når de gjev offergåva til Herren til soning for livet dykkar.

16. Du skal ta imot soningspengane frå israelittane og bruka dei til tenesta i teltheilagdomen. Det skal vera ei påminning om israelittane framfor Herrens andlet til soning for livet dykkar.

Bronsefatet

17. Herren sa til Moses:

18. Du skal laga eit vaskefat av bronse med understell av bronse. Det skal du setja mellom teltheilagdomen og altaret og fylla med vatn.

19. Aron og sønene hans skal vaska hendene og føtene i det.

20. Når dei går inn i teltheilagdomen, eller når dei stig fram for altaret for å gjera teneste og brenna gåveoffer for Herren, skal dei vaska seg i vatnet, så dei ikkje må døy.

21. Dei skal vaska hendene og føtene, så dei ikkje må døy. Det skal vera ei evig ordning for dei, for Aron og ætta hans, i slekt etter slekt.

Salvingsoljen og røykjelsen

22. Herren sa til Moses:

23. Ta krydra balsam av beste slag: 500 sjekel flytande myrra, halvparten så mykje eller 250 sjekel velluktande kanel, 250 sjekel velluktande sukkerrøyr

24. og 500 sjekel kassia, alt etter vekta i heilagdomen, og dessutan ein hin olivenolje.

25. Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ei velluktande blanding slik ein salveblandar gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.

26. Med den skal du salva teltheilagdomen, kista med vitnemålet,

27. bordet med alt som høyrer til, lysestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,

28. brennofferaltaret med alt som høyrer til, og fatet med understell.

29. Du skal helga dei så dei blir høgheilage. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.

30. Og Aron og sønene hans skal du salva. Du skal helga dei til å gjera presteteneste for meg.

31. Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje i slekt etter slekt.

32. Han må ikkje hellast på kroppen til noko anna menneske, og de må ikkje laga nokon annan salve som er blanda slik. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.

33. Den som lagar ei slik blanding og gjev henne til ein som ikkje er vigd, skal støytast ut frå folket sitt.

34. Herren sa til Moses: Ta deg velluktande røykjelsesstoff, balsamdropar, myrraolje, gummiharpiks og rein virak. Det skal vera like mykje av kvart.

35. Av det skal du laga blanda røykjelse, slik ein salveblandar gjer det, salta og rein og heilag.

36. Noko av det skal du knusa til pulver og leggja framfor vitnemålet i teltheilagdomen, der eg vil møta deg. Høgheilagt skal det vera for dykk.

37. Røykjelse som er slik blanda, må de ikkje laga til dykk sjølve. De skal halda han heilag for Herren.

38. Den som lagar slik røykjelse berre for å nyta lukta, skal støytast ut frå folket sitt.