Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 3:13-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Då sa Moses til Gud: «Enn om eg går til israelittane og seier til dei: Han som er dykkar fedrars Gud, har sendt meg, og dei så spør meg: Kva er namnet hans? Kva skal eg svara dei?»

14. Gud svara Moses: «Eg er den eg er.» Og han sa: «Slik skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg til dykk.»

15. Og Gud heldt fram: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Dette er mitt namn til evig tid, dette skal eg kallast frå slekt til slekt.

16. Gå og kall saman dei eldste i Israel, og sei til dei: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, har synt seg for meg og sagt: Eg har halde auge med dykk og med det som er gjort mot dykk i Egypt.

17. Og eg har sagt at eg skal føra dykk bort frå plagene i Egypt og opp til landet til kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane, til eit land som fløymer med mjølk og honning.

18. Dei kjem til å høyra på deg. Og så skal du og dei eldste i Israel gå til kongen i Egypt og seia: Herren, som er Gud for hebrearane, har møtt oss. Lat oss no få dra tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud!

19. Men eg veit at egyptarkongen ikkje vil la dykk dra om ikkje ei sterk hand tvingar han.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 3