Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Moses gjette småfeet til Jetro, svigerfar sin, presten i Midjan. Ein gong han dreiv feet over til den andre sida av ørkenen, kom han til Guds fjell, Horeb.

2. Då synte Herrens engel seg for han i ein flammande eld som slo opp frå ein tornebusk. Han såg, og sjå! – busken sto i lys loge, men han vart ikkje tært opp av elden.

3. Og Moses sa: «Eg vil gå bort og sjå dette mektige synet. Kvifor brenn ikkje tornebusken opp?»

4. Men då Herren såg at han kom bort for å sjå, ropa Gud til han frå tornebusken: «Moses, Moses!» Han svara: «Her er eg.»

5. Og Gud sa: «Kom ikkje nærare! Ta skorne av føtene! For staden du står på, er heilag grunn.»

6. Så sa han: «Eg er din fars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då gøymde Moses andletet, for han var redd for å sjå Gud.

7. Herren sa: «Eg har sett nauda til mitt folk i Egypt og har høyrt skrika deira under slavedrivarane. Eg kjenner deira smerte.

8. Eg har stige ned for å fria dei ut av hendene på egyptarane og føra dei opp frå dette landet og inn i eit godt og vidt land, inn i eit land som fløymer med mjølk og honning, staden der kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane bur.

9. For no har skriket frå israelittane nådd meg, og eg har òg sett kor hardt egyptarane undertrykkjer dei.

10. Gå no! Eg sender deg til farao. Du skal føra folket mitt, israelittane, ut frå Egypt.»

11. Moses sa til Gud: «Kven er eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut frå Egypt?»

12. Han svara: «Eg skal vera med deg! Dette skal du ha til teikn på at det er eg som har sendt deg: Når du har ført folket ut frå Egypt, skal de tena Gud på dette fjellet.»

13. Då sa Moses til Gud: «Enn om eg går til israelittane og seier til dei: Han som er dykkar fedrars Gud, har sendt meg, og dei så spør meg: Kva er namnet hans? Kva skal eg svara dei?»

14. Gud svara Moses: «Eg er den eg er.» Og han sa: «Slik skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg til dykk.»

15. Og Gud heldt fram: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Dette er mitt namn til evig tid, dette skal eg kallast frå slekt til slekt.

16. Gå og kall saman dei eldste i Israel, og sei til dei: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, har synt seg for meg og sagt: Eg har halde auge med dykk og med det som er gjort mot dykk i Egypt.

17. Og eg har sagt at eg skal føra dykk bort frå plagene i Egypt og opp til landet til kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane, til eit land som fløymer med mjølk og honning.

18. Dei kjem til å høyra på deg. Og så skal du og dei eldste i Israel gå til kongen i Egypt og seia: Herren, som er Gud for hebrearane, har møtt oss. Lat oss no få dra tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud!

19. Men eg veit at egyptarkongen ikkje vil la dykk dra om ikkje ei sterk hand tvingar han.

20. Difor vil eg strekkja handa ut og slå Egypt med alle dei undergjerningane som eg vil gjera iblant dei. Deretter skal han la dykk fara.

21. Og eg vil la dykk finna nåde i auga til egyptarane. Når de dreg, skal de ikkje dra tomhendte.

22. Kvar kvinne skal be nabokona si og dei kvinnene ho bur i lag med, om ting av sølv og gull og om klede. Det skal de la sønene og døtrene dykkar bera. Slik skal de utnytta egyptarane.»