Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 14:12-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Då lét Herren kusjittane lida nederlag for Asa og judearane, og kusjittane rømde.

13. Asa og folket som var med han, forfølgde dei heilt til Gerar, og kusjittane fall til siste mann. Dei vart knuste av Herren og hans hær, og judearane tok eit overlag stort bytte.

14. Dei tok alle byane kring Gerar, for ei redsle for Herren var komen over folket der. Dei plyndra alle desse byane, for der var det mykje å plyndra.

15. Dei gjekk òg til åtak på gjetartelta og førte bort ei mengd med sauer og kamelar. Så drog dei tilbake til Jerusalem.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 14