Då ropa Asa til Herren sin Gud og sa: «Herre, berre du kan hjelpa i kampen mellom den som er sterk og den som er svak. Hjelp oss, Herre, vår Gud! For vi set vår lit til deg, og i ditt namn har vi gått mot denne veldige styrken. Herre, du er vår Gud. Ikkje noko menneske kan stå seg mot deg!»