Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 6:11-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Aramearkongen vart svært uroleg over dette. Han kalla saman mennene sine og sa til dei: «Sei meg, kven av våre folk held med Israels-kongen?»

12. Då sa ein av mennene hans: «Det er ingen av oss, herre konge, men Elisja, profeten i Israel, som lèt Israels konge vita kvart ord du seier i soverommet ditt.»

13. Då sa kongen: «Gå og finn ut kvar han er, så skal eg senda folk og gripa han.» Han fekk melding om at profeten var i Dotan,

14. og dit sende kongen ein stor hær med hestar og vogner. Dei kom fram om natta og kringsette byen.

15. Tidleg neste morgon, då tenaren til gudsmannen stod opp og gjekk ut, fekk han auge på ein hær med hestar og vogner som låg rundt byen. «Å, min herre, kva skal vi gjera?» sa guten til Elisja.

16. Han svara: «Ver ikkje redd! Det er fleire som er med oss enn med dei.»

17. Så bad Elisja og sa: «Å, Herre, opna auga til guten så han kan sjå!» Herren opna auga hans, og han fekk sjå at fjellet var fullt av eldhestar og eldvogner rundt omkring Elisja.

18. Då aramearane kom ned mot Elisja, bad han til Herren: «Slå dette folket med blindskap!» Og Herren slo dei blinde då Elisja bad.

19. Då sa Elisja til dei: «Det er ikkje denne vegen og denne byen. Følg meg, så skal eg føra dykk til den mannen de leitar etter.» Og han førte dei til Samaria.

20. Då dei kom dit, bad Elisja: «Herre, opna auga deira, så dei kan sjå!» Herren opna auga deira, og dei såg at dei var midt i Samaria.

21. Då Israels konge såg dei, sa han til Elisja: «Far, skal eg hogga dei ned?»

22. Han svara: «Du skal ikkje hogga dei ned! Har du teke dei til fange med sverd og boge for å hogga dei ned? Set brød og vatn fram for dei, lat dei eta og drikka og venda heim til herren sin.»

23. Kongen stelte til eit stort festmåltid for dei, og dei åt og drakk. Så lét han dei gå, og dei vende attende til herren sin. Sidan kom det ikkje fleire flokkar av aramearar for å plyndra i Israel.

24. Ei tid etter hende det at aramearkongen Ben-Hadad samla heile hæren sin og drog opp og kringsette Samaria.

25. Det vart stor hungersnaud i Samaria. Byen var kringsett så lenge at eit eselhovud kosta åtti sjekel sølv, og ein kvart kab duemøkk kosta fem sjekel.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 6