Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Underet med øksa

1. Ein dag sa profetlæresveinane til Elisja: «Vi har ikkje plass nok her vi sit framfor deg.

2. Lat oss få gå ned til Jordan og henta kvar sin stokk. Så lagar vi oss ein stad der vi kan vera.» «Ja, berre gå!» sa Elisja.

3. Ein av dei sa: «Ver så snill å gå med tenarane dine.» Han svara: «Ja, eg blir med.»

4. Så gjekk han med dei, og då dei kom til Jordan, tok dei til å fella tre.

5. Men då ein av dei felte sitt tre, fall øksa i vatnet. Då ropa han høgt: «Å, min herre! Ho var attpåtil lånt!»

6. «Kvar fall ho?» spurde gudsmannen. Han viste han staden. Då hogg Elisja av eit stykke tre og kasta det i vatnet. Slik fekk han øksa til å flyta opp.

7. «Ta henne opp!» sa han. Og mannen rette ut handa og tok øksa.

Herren gjer aramearane blinde

8. Aramearkongen låg i krig med Israel. Ein gong han rådførte seg med mennene sine, sa han: «Eg vil slå leir på den og den staden.»

9. Då sende gudsmannen bod til Israels konge og sa: «Ta deg i vare så du ikkje fer forbi denne staden, for aramearane har slege leir der.»

10. Så sende Israels konge bod til den staden som gudsmannen hadde nemnt. Han åtvara kongen, og han tok seg i vare. Slik gjekk det både ein og fleire gonger.

11. Aramearkongen vart svært uroleg over dette. Han kalla saman mennene sine og sa til dei: «Sei meg, kven av våre folk held med Israels-kongen?»

12. Då sa ein av mennene hans: «Det er ingen av oss, herre konge, men Elisja, profeten i Israel, som lèt Israels konge vita kvart ord du seier i soverommet ditt.»

13. Då sa kongen: «Gå og finn ut kvar han er, så skal eg senda folk og gripa han.» Han fekk melding om at profeten var i Dotan,

14. og dit sende kongen ein stor hær med hestar og vogner. Dei kom fram om natta og kringsette byen.

15. Tidleg neste morgon, då tenaren til gudsmannen stod opp og gjekk ut, fekk han auge på ein hær med hestar og vogner som låg rundt byen. «Å, min herre, kva skal vi gjera?» sa guten til Elisja.

16. Han svara: «Ver ikkje redd! Det er fleire som er med oss enn med dei.»

17. Så bad Elisja og sa: «Å, Herre, opna auga til guten så han kan sjå!» Herren opna auga hans, og han fekk sjå at fjellet var fullt av eldhestar og eldvogner rundt omkring Elisja.

18. Då aramearane kom ned mot Elisja, bad han til Herren: «Slå dette folket med blindskap!» Og Herren slo dei blinde då Elisja bad.

19. Då sa Elisja til dei: «Det er ikkje denne vegen og denne byen. Følg meg, så skal eg føra dykk til den mannen de leitar etter.» Og han førte dei til Samaria.

20. Då dei kom dit, bad Elisja: «Herre, opna auga deira, så dei kan sjå!» Herren opna auga deira, og dei såg at dei var midt i Samaria.

21. Då Israels konge såg dei, sa han til Elisja: «Far, skal eg hogga dei ned?»

22. Han svara: «Du skal ikkje hogga dei ned! Har du teke dei til fange med sverd og boge for å hogga dei ned? Set brød og vatn fram for dei, lat dei eta og drikka og venda heim til herren sin.»

23. Kongen stelte til eit stort festmåltid for dei, og dei åt og drakk. Så lét han dei gå, og dei vende attende til herren sin. Sidan kom det ikkje fleire flokkar av aramearar for å plyndra i Israel.

Krig og hungersnaud i Samaria

24. Ei tid etter hende det at aramearkongen Ben-Hadad samla heile hæren sin og drog opp og kringsette Samaria.

25. Det vart stor hungersnaud i Samaria. Byen var kringsett så lenge at eit eselhovud kosta åtti sjekel sølv, og ein kvart kab duemøkk kosta fem sjekel.

26. Ein dag Israels konge gjekk att og fram på bymuren, ropa ei kvinne til han: «Hjelp, herre konge!»

27. Han svara: «Nei, Herren får hjelpa deg. Kvar skulle eg henta hjelp til deg frå? Frå treskjeplass eller vinpresse?»

28. Og kongen spurde: «Kva er i vegen med deg?» Ho svara: «Denne kvinna sa til meg: Kom hit med son din. Så et vi han i dag, og så et vi son min i morgon.

29. Så kokte vi son min og åt han. Dagen etter sa eg til henne: Kom no med son din og lat oss eta han! Men då gøymde ho guten sin.»

30. Då kongen høyrde det kvinna fortalde, reiv han sund kleda sine der han gjekk att og fram oppå muren. Og folket såg at han bar sekkestrie inst på kroppen.

31. «Måtte Gud la det gå meg ille både no og sidan», sa han, «om hovudet får sitja på Elisja, Sjafats son, dagen ut.»

32. Elisja sat i huset sitt, og dei eldste var hos han då kongen sende ein mann dit føre seg. Men før sendebodet kom fram, sa Elisja til dei eldste: «Veit de at denne mordarsonen har sendt ein mann hit for å hogga hovudet av meg? Hald vakt! Lukk døra når han kjem, og hald døra stengd for han. Høyrer ein ikkje alt kongens steg bak han?»

33. Medan Elisja endå tala med dei, kom kongen til han. Han sa: «Sjå, denne ulukka kjem frå Herren. Kvifor skal eg då venta på Herren lenger?»