Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 18:5-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Hiskia sette si lit til Herren, Israels Gud. Verken før eller seinare har det vore hans like mellom alle Juda-kongane.

6. Han heldt seg nær til Herren og veik ikkje frå han. Han heldt dei boda som Herren hadde gjeve Moses.

7. Herren var med han, og han hadde lukka med seg i alt han tok seg føre. Han gjorde opprør mot assyrarkongen og ville ikkje tena han lenger.

8. Han slo filistrane heilt til Gaza og områda ikring, både byar med vakttårn og festningsbyane.

9. I det fjerde styringsåret til kong Hiskia, det sjuande året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, drog assyrarkongen Salmanassar opp mot Samaria og omringa byen.

10. Då tre år var gått, tok dei han. Det var i det sjette styringsåret til Hiskia at Samaria fall, det niande året Hosea var konge i Israel.

11. Assyrarkongen førte israelittane bort til Assur og lét dei busetja seg i Halah og ved Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.

12. Dette hende fordi dei ikkje ville høyra på Herren sin Gud, men braut pakta hans – alt det som Moses, Herrens tenar, hadde gjeve dei. Dei korkje høyrde eller gjorde etter det.

13. I det fjortande året Hiskia var konge, drog assyrarkongen Sanherib opp mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.

14. Då sende Juda-kongen Hiskia bod til assyrarkongen i Lakisj og sa: «Eg har gjort gale. Dra bort frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera.» Assyrarkongen kravde tre hundre talentar sølv og tretti talentar gull av Juda-kongen Hiskia.

15. Og Hiskia gav han alt sølvet som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongeborga.

16. På same tid braut kong Hiskia gullet av dørene i Herrens tempel og av dørkarmane som kongen sjølv hadde kledd med gull, og gav det til assyrarkongen.

17. Men assyrarkongen sende hærføraren, hoffsjefen og kommandanten med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei rykte fram, og då dei kom til Jerusalem, stilte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, ved vegen til vaskeplassen.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 18