Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Kong Hiskia i Juda

1. I det tredje året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, vart Hiskia, son til Ahas, konge i Juda.

2. Han var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Abi og var dotter til Sakarja.

3. Hiskia gjorde det som rett var i Herrens auge, i eitt og alt slik David, stamfar hans, hadde gjort.

4. Han la ned offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Koparormen som Moses hadde laga, knuste han. Heilt til den tid hadde israelittane tent offereld til ormen. Dei kalla han Nehusjtan.

5. Hiskia sette si lit til Herren, Israels Gud. Verken før eller seinare har det vore hans like mellom alle Juda-kongane.

6. Han heldt seg nær til Herren og veik ikkje frå han. Han heldt dei boda som Herren hadde gjeve Moses.

7. Herren var med han, og han hadde lukka med seg i alt han tok seg føre. Han gjorde opprør mot assyrarkongen og ville ikkje tena han lenger.

8. Han slo filistrane heilt til Gaza og områda ikring, både byar med vakttårn og festningsbyane.

Israelittane blir bortførte til Assur

9. I det fjerde styringsåret til kong Hiskia, det sjuande året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, drog assyrarkongen Salmanassar opp mot Samaria og omringa byen.

10. Då tre år var gått, tok dei han. Det var i det sjette styringsåret til Hiskia at Samaria fall, det niande året Hosea var konge i Israel.

11. Assyrarkongen førte israelittane bort til Assur og lét dei busetja seg i Halah og ved Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.

12. Dette hende fordi dei ikkje ville høyra på Herren sin Gud, men braut pakta hans – alt det som Moses, Herrens tenar, hadde gjeve dei. Dei korkje høyrde eller gjorde etter det.

Sanheribs hærferd mot Juda

13. I det fjortande året Hiskia var konge, drog assyrarkongen Sanherib opp mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.

14. Då sende Juda-kongen Hiskia bod til assyrarkongen i Lakisj og sa: «Eg har gjort gale. Dra bort frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera.» Assyrarkongen kravde tre hundre talentar sølv og tretti talentar gull av Juda-kongen Hiskia.

15. Og Hiskia gav han alt sølvet som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongeborga.

16. På same tid braut kong Hiskia gullet av dørene i Herrens tempel og av dørkarmane som kongen sjølv hadde kledd med gull, og gav det til assyrarkongen.

17. Men assyrarkongen sende hærføraren, hoffsjefen og kommandanten med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei rykte fram, og då dei kom til Jerusalem, stilte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, ved vegen til vaskeplassen.

18. Der byrja dei å ropa på kongen. Då gjekk borgherren Eljakim, son til Hilkia, ut til dei saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joah, son til Asaf.

19. Kommandanten ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen av Assur: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg?

20. Meiner du at tomme ord åleine er råd og styrke i krig? Kven er det du set di lit til, sidan du har gjort opprør mot meg?

21. Du set di lit til Egypt, den brotne røyrstaven! Om nokon støttar seg på den, trengjer han inn i handa hans og gjennomborar henne. Slik er farao, kongen i Egypt, mot alle som lit på han.

22. Men om du svarar meg: «Det er Herren vår Gud vi set vår lit til», då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort då han sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor dette altaret i Jerusalem skal de bøya dykk og tilbe»?

23. Gjer no eit veddemål med herren min, kongen av Assur: Eg gjev deg to tusen hestar om du kan finna ryttarar til dei!

24. Korleis kan du då driva tilbake ein einaste statthaldar, ein av dei ringaste tenarane til herren min, du som set di lit til vogner og ryttarar frå Egypt?

25. Trur du at eg har drege opp mot denne staden for å øydeleggja han mot Herrens vilje? Herren sjølv sa til meg: Dra opp mot dette landet og øydelegg det!

26. Då sa Eljakim, son til Hilkia, Sjebna og Joah til kommandanten: «Snakk til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Snakk ikkje judeisk til oss så folket på muren høyrer det!»

27. Men kommandanten svara: «Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige piss, liksom de.»

28. Og kommandanten vart ståande og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen av Assur, seier!

29. Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia lura dykk! For han er ikkje i stand til å berga dykk ut av mi hand.

30. Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren når han seier: «Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.»

31. Høyr ikkje på Hiskia! For så seier kongen av Assur: Slutt fred med meg og gjev dykk over til meg! Så skal de få eta, kvar av sin vinstokk og sitt fikentre, og drikka vatn, kvar av sin brønn,

32. til dess eg kjem og tek dykk med til eit land som liknar dykkar eige, eit land med korn og ny vin, eit land med brød og vingardar, eit land med olivenolje og honning. Då skal de leva og ikkje døy. Høyr ikkje på Hiskia når han villeier dykk og seier: «Herren vil berga oss.»

33. Har kanskje gudane til andre folk berga sine land frå handa til assyrarkongen?

34. Kvar er gudane til Hamat og Arpad? Kvar er gudane til Sefarvajim, Hena og Ivva? Og kvar er Samarias gudar? Har dei berga landet ut av mi hand?

35. Kven er det av gudane i alle desse landa som har berga landet sitt ut av mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem!

36. Folket tagde og svara ikkje eit ord. For det var ordre frå kongen at dei ikkje skulle svara han.

37. Så kom borgherren Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joah, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og melde kva kommandanten hadde sagt.