Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 18:15-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Og Hiskia gav han alt sølvet som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongeborga.

16. På same tid braut kong Hiskia gullet av dørene i Herrens tempel og av dørkarmane som kongen sjølv hadde kledd med gull, og gav det til assyrarkongen.

17. Men assyrarkongen sende hærføraren, hoffsjefen og kommandanten med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei rykte fram, og då dei kom til Jerusalem, stilte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, ved vegen til vaskeplassen.

18. Der byrja dei å ropa på kongen. Då gjekk borgherren Eljakim, son til Hilkia, ut til dei saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joah, son til Asaf.

19. Kommandanten ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen av Assur: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg?

20. Meiner du at tomme ord åleine er råd og styrke i krig? Kven er det du set di lit til, sidan du har gjort opprør mot meg?

21. Du set di lit til Egypt, den brotne røyrstaven! Om nokon støttar seg på den, trengjer han inn i handa hans og gjennomborar henne. Slik er farao, kongen i Egypt, mot alle som lit på han.

22. Men om du svarar meg: «Det er Herren vår Gud vi set vår lit til», då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort då han sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor dette altaret i Jerusalem skal de bøya dykk og tilbe»?

23. Gjer no eit veddemål med herren min, kongen av Assur: Eg gjev deg to tusen hestar om du kan finna ryttarar til dei!

24. Korleis kan du då driva tilbake ein einaste statthaldar, ein av dei ringaste tenarane til herren min, du som set di lit til vogner og ryttarar frå Egypt?

25. Trur du at eg har drege opp mot denne staden for å øydeleggja han mot Herrens vilje? Herren sjølv sa til meg: Dra opp mot dette landet og øydelegg det!

26. Då sa Eljakim, son til Hilkia, Sjebna og Joah til kommandanten: «Snakk til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Snakk ikkje judeisk til oss så folket på muren høyrer det!»

27. Men kommandanten svara: «Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige piss, liksom de.»

28. Og kommandanten vart ståande og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen av Assur, seier!

29. Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia lura dykk! For han er ikkje i stand til å berga dykk ut av mi hand.

30. Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren når han seier: «Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 18