Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 4:5-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Då Herrens paktkiste kom til leiren, sette heile Israel i eit jubelrop så sterkt at jorda skalv.

6. Filistrane høyrde lyden av ropet og sa: «Kvifor er det slike høge jubelrop i hebrearleiren?» Dei fekk vita at Herrens paktkiste var komen dit.

7. Då vart dei redde, for dei tenkte: «Det har kome ein gud til leiren.» Og dei sa: «Ve oss! Slikt har aldri hendt før.

8. Ve oss! Kven skal berga oss frå desse mektige gudane? Dette er då dei gudane som slo egyptarane med alle slags plager i ørkenen.

9. Men ta mot til dykk, filistrar, og ver menn, så de ikkje endar som slavar for hebrearane slik dei har vore slavar for dykk! Manna dykk opp og gå til kamp!»

10. Så gjekk filistrane til åtak. Israelittane vart slegne og flykta, kvar til sitt. Mannefallet vart svært stort; tretti tusen fotfolk av Israels hær fall.

11. Guds paktkiste vart teken, og begge Eli-sønene, Hofni og Pinhas, mista livet.

12. Ein mann av Benjamin-stammen sprang frå slagmarka og kom same dagen til Sjilo med sundrivne klede og jord på hovudet.

13. Då han kom dit, sat Eli på stolen sin ved vegen og speida, for han var full av uro for Guds paktkiste. Då mannen kom inn i byen og fortalde kva som hadde hendt, høyrdest eit jammerskrik over heile byen.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 4