Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 4:12-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Ein mann av Benjamin-stammen sprang frå slagmarka og kom same dagen til Sjilo med sundrivne klede og jord på hovudet.

13. Då han kom dit, sat Eli på stolen sin ved vegen og speida, for han var full av uro for Guds paktkiste. Då mannen kom inn i byen og fortalde kva som hadde hendt, høyrdest eit jammerskrik over heile byen.

14. Eli høyrde skrikinga og spurde: «Kva er dette for ståk?» Mannen skunda seg bort til Eli og fortalde han det.

15. Eli var då 98 år gammal. Auga hans var stivna, og han kunne ikkje sjå.

16. Mannen sa til han: «Eg kjem frå slagmarka, eg rømde frå slaget i dag.» Då spurde Eli: «Korleis har det gått, son min?»

17. Bodberaren svara: «Israel flykta for filistrane, og vi leid stort tap. Begge sønene dine, Hofni og Pinhas, har òg mista livet, og Guds paktkiste er teken.»

18. Med det same han nemnde Guds paktkiste, fall Eli baklengs ned av stolen attmed porten, braut nakken og døydde, for han var ein gammal og tung mann. Han hadde då vore dommar i Israel i førti år.

19. Svigerdotter hans, kona til Pinhas, venta barn og skulle snart føda. Då ho høyrde at Guds paktkiste var teken, og at svigerfar og mannen hennar var døde, kom riene over henne, og ho seig i kne og fødde.

20. Ho låg for døden, og kvinnene som stod rundt henne, sa: «Ver ikkje redd, du har fått ein son!» Men ho svara ikkje og ansa ikkje kva dei sa.

21. Ho kalla guten Ikabod og sa: «Herlegdomen er borte frå Israel!» For Guds paktkiste var teken, og svigerfar og mannen hennar var døde.

22. «Herlegdomen er borte frå Israel!» sa ho, «for Guds paktkiste er teken.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 4