Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 12:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Samuel sa til heile Israel: «Eg har høyrt på alt de har sagt til meg, og eg har sett ein konge over dykk.

2. Frå no av er det kongen som skal leia dykk. Eg er gammal og grå, og sønene mine er mellom dykk. Frå eg var ung og til denne dag har eg vore leiaren dykkar.

3. Her står eg. Før no klagemål mot meg framfor Herren og den han har salva! Er det nokon eg har teke ein okse frå? Er det nokon eg har teke eit esel frå? Er det nokon eg har undertrykt? Er det nokon eg har mishandla? Er det nokon eg har teke imot stikkpengar frå – og så late att auga for uretten? Om så er, vil eg gje det tilbake.»

4. Dei svara: «Du har korkje undertrykt oss eller mishandla oss eller teke imot noko frå nokon.»

5. Då sa han til dei: «I dag er Herren og den han har salva, vitne på at de ikkje har funne noka skuld hos meg.» Folket svara: «Ja, han er vitne.»

6. Så sa Samuel til folket: Ja, Herren er vitne, han som handla gjennom Moses og Aron, og som førte fedrane dykkar opp frå Egypt.

7. Kom no fram, så vil eg føra klagemål mot dykk for Herrens andlet og fortelja om alle Herrens rettferdige gjerningar mot dykk og fedrane dykkar.

8. Då Jakob var komen til Egypt, ropa fedrane dykkar til Herren, og han sende Moses og Aron. Dei førte fedrane dykkar ut frå Egypt og lét dei få bu på denne staden.

9. Men dei gløymde Herren sin Gud. Difor gav han dei i hendene på Sisera, hærføraren i Hasor, og i hendene på filistrane og kongen i Moab. Alle desse gjekk til krig mot dei.

10. Då ropa dei til Herren og sa: «Vi har synda, for vi har gått bort frå Herren og dyrka Baal-gudane og Astarte-bileta. Men fri oss no ut av hendene på fiendane våre, så skal vi tena deg.»

11. Så sende Herren Jerubbaal og Bedan og Jefta og Samuel og berga dykk frå fiendane rundt omkring, så de kunne bu trygt.

12. Men då de såg at Nahasj, kongen over ammonittane, kom mot dykk, sa de til meg: «Nei, vi vil ha ein konge til å styra oss» – endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar.

13. Sjå, her er kongen som de har valt, han som de bad om. No har Herren sett ein konge over dykk.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 12