Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 47:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Josef gjekk og fortalde dette til farao. Han sa: «Far min og brørne mine er komne frå Kanaan med småfeet og storfeet sitt og alt dei eig. No er dei i Gosen.»

2. Han tok ut fem av brørne sine og førte dei fram for farao.

3. Farao sa til brørne: «Kva har de til leveveg?» Dei svara han: «Tenarane dine er gjetarar, vi som fedrane våre.

4. Vi er komne for å bu her i landet», sa dei til farao. «Tenarane dine fann ikkje beite for småfeet sitt, for hungersnauda låg tungt over Kanaan. Lat no tenarane dine få bu i Gosen!»

5. Då sa farao til Josef: «Far din og brørne dine er komne til deg.

6. Heile Egypt ligg ope framfor deg. Lat far din og brørne dine bu i den beste delen av landet! Dei kan bu i Gosen. Og veit du at det finst dugande folk blant dei, så gjev dei ansvaret for buskapen min.»

7. Josef henta far sin og førte han fram for farao, og Jakob helsa farao.

8. «Kor gammal er du?» spurde farao.

9. Jakob svara: «Eg har vandra omkring som ein framand i 130 år. Få og vonde har leveåra mine vore. Dei har vore færre enn leveåra til fedrane mine den tid dei vandra omkring.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 47