Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 47 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Jakob og sønene hans hos farao

1. Josef gjekk og fortalde dette til farao. Han sa: «Far min og brørne mine er komne frå Kanaan med småfeet og storfeet sitt og alt dei eig. No er dei i Gosen.»

2. Han tok ut fem av brørne sine og førte dei fram for farao.

3. Farao sa til brørne: «Kva har de til leveveg?» Dei svara han: «Tenarane dine er gjetarar, vi som fedrane våre.

4. Vi er komne for å bu her i landet», sa dei til farao. «Tenarane dine fann ikkje beite for småfeet sitt, for hungersnauda låg tungt over Kanaan. Lat no tenarane dine få bu i Gosen!»

5. Då sa farao til Josef: «Far din og brørne dine er komne til deg.

6. Heile Egypt ligg ope framfor deg. Lat far din og brørne dine bu i den beste delen av landet! Dei kan bu i Gosen. Og veit du at det finst dugande folk blant dei, så gjev dei ansvaret for buskapen min.»

7. Josef henta far sin og førte han fram for farao, og Jakob helsa farao.

8. «Kor gammal er du?» spurde farao.

9. Jakob svara: «Eg har vandra omkring som ein framand i 130 år. Få og vonde har leveåra mine vore. Dei har vore færre enn leveåra til fedrane mine den tid dei vandra omkring.»

10. Så velsigna Jakob farao og gjekk bort frå han.

11. Josef lét far sin og brørne sine busetja seg i Egypt. Han gav dei eigedom i den beste delen av landet, i Ramses, slik som farao hadde sagt.

12. Og Josef sytte for mat til far sin og brørne sine og heile familien til far sin, alt etter talet på borna deira.

Hungersnauda i Egypt

13. Det fanst ikkje mat i heile landet, for hungersnauda var svært hard. Egypt og Kanaan var avkrefta av svolt.

14. Josef samla då alle pengane som fanst i Egypt og Kanaan, det folk hadde gjeve for kornet dei hadde kjøpt, og Josef tok pengane med til huset åt farao.

15. Men då det var slutt på pengane i Egypt og Kanaan, kom alle egyptarane til Josef og sa: «Gjev oss mat! Skal vi døy for auga dine? Vi har ikkje meir pengar.»

16. Josef svara: «Kom hit med buskapen dykkar. Eg vil gje dykk korn for buskapen dersom det er slutt på pengane.»

17. Då kom dei til Josef med buskapen sin, og Josef gav dei korn for hestane, småfeet, storfeet og esla. Slik sytte han for korn til dei det året, i byte mot heile buskapen deira.

18. Året gjekk, og året etter kom dei til han og sa: «Vi vil ikkje løyna for herren vår at det er slutt på pengane og buskapen. No har vi ikkje anna å by deg enn oss sjølve og jorda vår.

19. Kvifor skal vi døy for auga dine, både vi og jorda vår? Kjøp oss og jorda vår i byte for mat, så skal vi med jorda vår vera slavar for farao! Gjev oss såkorn, så vi kan leva og ikkje døy, og jorda vår ikkje blir lagd aud!»

20. Og Josef kjøpte all jord i Egypt til farao. Egyptarane selde alle åkrane sine, for hungersnauda var hard. Slik vart farao eigar av all jord i landet.

21. Folket flytte han til byane, frå den eine enden av Egypt til den andre.

22. Berre jorda til prestane kjøpte han ikkje, for prestane hadde ei fastsett inntekt frå farao. Dei åt av det han gav dei, og selde difor ikkje jorda si.

23. Josef sa til folket: «I dag har eg kjøpt dykk og jorda dykkar til farao. Her har de såkorn slik at de kan så til åkrane!

24. De skal gje farao ein femtedel av avlinga. Dei fire andre delane skal de ha til såkorn og mat for dykk og huslydane og borna dykkar.»

25. Då svara dei: «Du har berga livet vårt. Berre du ser på oss med velvilje, herre, skal vi vera slavar for farao.»

26. Så gjorde Josef dette til ei lov som gjeld den dag i dag for jorda i Egypt, at farao skulle ha ein femtedel. Berre jorda til prestane høyrde ikkje farao til.

Jakobs siste vilje

27. Israel vart buande i Egypt, i Gosen. Dei fekk seg eigedom der, var fruktbare og vart svært talrike.

28. Jakob levde 17 år i Egypt. Han levde i 147 samfulle år.

29. Då det nærma seg tida då Israel skulle døy, kalla han på Josef, son sin, og sa: «Om du har velvilje for meg, så legg handa di i fanget mitt. Ver god og trufast mot meg så du ikkje gravlegg meg i Egypt!

30. Når eg går til kvile hos fedrane mine, før meg då opp frå Egypt og legg meg i grava deira!» «Eg skal gjera som du seier», svara Josef.

31. Då sa Jakob: «Sver på det for meg!» Og han svor på det. Så bøygde Israel seg i bøn ved hovudgjerda.