Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 47:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Josef gjekk og fortalde dette til farao. Han sa: «Far min og brørne mine er komne frå Kanaan med småfeet og storfeet sitt og alt dei eig. No er dei i Gosen.»

2. Han tok ut fem av brørne sine og førte dei fram for farao.

3. Farao sa til brørne: «Kva har de til leveveg?» Dei svara han: «Tenarane dine er gjetarar, vi som fedrane våre.

4. Vi er komne for å bu her i landet», sa dei til farao. «Tenarane dine fann ikkje beite for småfeet sitt, for hungersnauda låg tungt over Kanaan. Lat no tenarane dine få bu i Gosen!»

5. Då sa farao til Josef: «Far din og brørne dine er komne til deg.

6. Heile Egypt ligg ope framfor deg. Lat far din og brørne dine bu i den beste delen av landet! Dei kan bu i Gosen. Og veit du at det finst dugande folk blant dei, så gjev dei ansvaret for buskapen min.»

7. Josef henta far sin og førte han fram for farao, og Jakob helsa farao.

8. «Kor gammal er du?» spurde farao.

9. Jakob svara: «Eg har vandra omkring som ein framand i 130 år. Få og vonde har leveåra mine vore. Dei har vore færre enn leveåra til fedrane mine den tid dei vandra omkring.»

10. Så velsigna Jakob farao og gjekk bort frå han.

11. Josef lét far sin og brørne sine busetja seg i Egypt. Han gav dei eigedom i den beste delen av landet, i Ramses, slik som farao hadde sagt.

12. Og Josef sytte for mat til far sin og brørne sine og heile familien til far sin, alt etter talet på borna deira.

13. Det fanst ikkje mat i heile landet, for hungersnauda var svært hard. Egypt og Kanaan var avkrefta av svolt.

14. Josef samla då alle pengane som fanst i Egypt og Kanaan, det folk hadde gjeve for kornet dei hadde kjøpt, og Josef tok pengane med til huset åt farao.

15. Men då det var slutt på pengane i Egypt og Kanaan, kom alle egyptarane til Josef og sa: «Gjev oss mat! Skal vi døy for auga dine? Vi har ikkje meir pengar.»

16. Josef svara: «Kom hit med buskapen dykkar. Eg vil gje dykk korn for buskapen dersom det er slutt på pengane.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 47