Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 29:5-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Så spurde han: «Kjenner de Laban, son til Nahor?» Dei svara: «Ja, han kjenner vi.»

6. «Står det bra til med han?» spurde Jakob. «Ja, det gjer det», svara dei. «Sjå, der kjem Rakel, dotter hans, med småfeet!»

7. Då sa han: «Det er enno høglys dag, det er for tidleg å samla buskapen. Lat småfeet få drikka, og gå med dei på beite!»

8. Dei svara: «Det klarer vi ikkje før alle flokkane er samla, så vi får rulla steinen bort frå brønnen. Då kan vi gje småfeet vatn.»

9. Medan han endå tala med dei, kom Rakel med buskapen til faren, for det var ho som gjette.

10. Då Jakob fekk sjå Rakel, dotter til morbroren Laban, koma med småfeet hans, gjekk han fram, velte steinen frå brønnopninga og lét småfeet til morbroren få drikka.

11. Så kyste han Rakel og brast i gråt.

12. Jakob fortalde henne at han var i slekt med far hennar, og at han var son til Rebekka. Då sprang Rakel heim og fortalde dette til far sin.

13. Med det same Laban fekk høyra om Jakob, systerson sin, sprang han imot han, slo armane rundt han og kyste han og tok han med seg heim. Og Jakob fortalde han alt det som hadde hendt.

14. Då sa Laban til han: «Du er jo av same bein og kjøt som eg!» Så vart Jakob verande hos han ein månads tid.

15. Ein dag sa Laban til Jakob: «Sjølv om du er slektningen min, skal du ikkje arbeida for meg utan betaling. Sei meg kva du vil ha i løn!»

16. No hadde Laban to døtrer. Den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel.

17. Lea hadde matte auge, medan Rakel var velskapt og vakker.

18. Jakob hadde vorte glad i Rakel. Han sa: «Eg skal arbeida hos deg i sju år for Rakel, den yngste dotter di.»

19. Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein annan mann. Ver hos meg!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 29