Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Jakob hos Laban

1. Så drog Jakob vidare og kom til landet der folka i aust bur.

2. Då fekk han auge på ein brønn på marka og tre saueflokkar som låg omkring han; for av den brønnen gav dei buskapen vatn. Over opninga låg det ein stor stein.

3. Når alle flokkane var samla der, velte dei steinen bort frå brønnopninga og lét småfeet drikka. Så la dei steinen på plass att.

4. Jakob spurde gjetarane: «Kvar er de frå, brør?» «Vi er frå Harran», sa dei.

5. Så spurde han: «Kjenner de Laban, son til Nahor?» Dei svara: «Ja, han kjenner vi.»

6. «Står det bra til med han?» spurde Jakob. «Ja, det gjer det», svara dei. «Sjå, der kjem Rakel, dotter hans, med småfeet!»

7. Då sa han: «Det er enno høglys dag, det er for tidleg å samla buskapen. Lat småfeet få drikka, og gå med dei på beite!»

8. Dei svara: «Det klarer vi ikkje før alle flokkane er samla, så vi får rulla steinen bort frå brønnen. Då kan vi gje småfeet vatn.»

9. Medan han endå tala med dei, kom Rakel med buskapen til faren, for det var ho som gjette.

10. Då Jakob fekk sjå Rakel, dotter til morbroren Laban, koma med småfeet hans, gjekk han fram, velte steinen frå brønnopninga og lét småfeet til morbroren få drikka.

11. Så kyste han Rakel og brast i gråt.

12. Jakob fortalde henne at han var i slekt med far hennar, og at han var son til Rebekka. Då sprang Rakel heim og fortalde dette til far sin.

13. Med det same Laban fekk høyra om Jakob, systerson sin, sprang han imot han, slo armane rundt han og kyste han og tok han med seg heim. Og Jakob fortalde han alt det som hadde hendt.

14. Då sa Laban til han: «Du er jo av same bein og kjøt som eg!» Så vart Jakob verande hos han ein månads tid.

Jakob og Rakel

15. Ein dag sa Laban til Jakob: «Sjølv om du er slektningen min, skal du ikkje arbeida for meg utan betaling. Sei meg kva du vil ha i løn!»

16. No hadde Laban to døtrer. Den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel.

17. Lea hadde matte auge, medan Rakel var velskapt og vakker.

18. Jakob hadde vorte glad i Rakel. Han sa: «Eg skal arbeida hos deg i sju år for Rakel, den yngste dotter di.»

19. Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein annan mann. Ver hos meg!»

20. Så arbeidde Jakob i sju år for Rakel. I hans auge var åra som nokre få dagar, så glad var han i henne.

21. Jakob sa til Laban: «Gjev meg no kona mi så eg kan gå inn til henne, for eg har tent mi tid!»

22. Då samla Laban alt folket der på staden og laga til festmåltid.

23. Om kvelden tok han dottera Lea og førte henne til Jakob, og han gjekk inn til henne.

24. Laban sette Silpa, slavekvinna si, til å tena hos Lea.

25. Men då det vart morgon, sjå, då var det Lea! Han sa til Laban: «Kva er det du har gjort mot meg? Var det ikkje for Rakel eg tente hos deg? Kvifor har du narra meg?»

26. Laban svara: «Vi gjer det ikkje slik her hos oss at vi gjev bort den yngste før den eldste.

27. Lat bryllaupsveka gå til ende, så skal du få den andre òg, mot at du arbeider hos meg i sju år til!»

28. Jakob så gjorde. Han lét bryllaupsveka gå til ende, og Laban gav han dottera Rakel til kone.

29. Laban sette Bilha, slavekvinna si, til å tena hos Rakel.

30. Så gjekk Jakob inn til Rakel òg, og han elska Rakel meir enn Lea. Sidan arbeidde han hos Laban i sju år til.

Sønene til Jakob

31. Då Herren såg at Lea ikkje vart elska, opna han morslivet hennar; men Rakel var barnlaus.

32. Lea vart med barn og fødde ein son. Ho kalla han Ruben. «For Herren har sett mi naud», sa ho, «no kjem mannen min til å elska meg.»

33. Ho vart med barn ein gong til og fødde ein son. Då sa ho: «Herren har høyrt at eg ikkje vart elska; no har han gjeve meg denne sonen òg.» Så kalla ho han Simon.

34. Sidan vart ho med barn att og fødde ein son. Då sa ho: «No må då mannen min bli knytt til meg, sidan eg har fødd han tre søner.» Så kalla ho han Levi.

35. Endå ein gong vart ho med barn og fødde ein son. Då sa ho: «Denne gongen vil eg takka Herren.» Difor kalla ho han Juda. No fekk ho ikkje fleire born.