Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 29:19-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein annan mann. Ver hos meg!»

20. Så arbeidde Jakob i sju år for Rakel. I hans auge var åra som nokre få dagar, så glad var han i henne.

21. Jakob sa til Laban: «Gjev meg no kona mi så eg kan gå inn til henne, for eg har tent mi tid!»

22. Då samla Laban alt folket der på staden og laga til festmåltid.

23. Om kvelden tok han dottera Lea og førte henne til Jakob, og han gjekk inn til henne.

24. Laban sette Silpa, slavekvinna si, til å tena hos Lea.

25. Men då det vart morgon, sjå, då var det Lea! Han sa til Laban: «Kva er det du har gjort mot meg? Var det ikkje for Rakel eg tente hos deg? Kvifor har du narra meg?»

26. Laban svara: «Vi gjer det ikkje slik her hos oss at vi gjev bort den yngste før den eldste.

27. Lat bryllaupsveka gå til ende, så skal du få den andre òg, mot at du arbeider hos meg i sju år til!»

28. Jakob så gjorde. Han lét bryllaupsveka gå til ende, og Laban gav han dottera Rakel til kone.

29. Laban sette Bilha, slavekvinna si, til å tena hos Rakel.

30. Så gjekk Jakob inn til Rakel òg, og han elska Rakel meir enn Lea. Sidan arbeidde han hos Laban i sju år til.

31. Då Herren såg at Lea ikkje vart elska, opna han morslivet hennar; men Rakel var barnlaus.

32. Lea vart med barn og fødde ein son. Ho kalla han Ruben. «For Herren har sett mi naud», sa ho, «no kjem mannen min til å elska meg.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 29