Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 19:7-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. og sa: «Brør, gjer ikkje slik ei ugjerning!

8. Høyr no! Eg har to døtrer som ikkje har vore saman med nokon mann. Lat meg føra dei ut til dykk, så kan de gjera med dei som de vil. Men desse mennene må de ikkje gjera noko, for dei har funne ly under mitt tak.»

9. Men dei ropa: «Flytt deg!» Og dei heldt fram: «Her kjem ein innflyttar for å bu hos oss, og så vil han gjera seg til dommar! No skal vi gjera verre ugjerningar mot deg enn mot dei.» Dei trengde seg hardt inn på mannen Lot og heldt på å slå inn døra.

10. Då rette dei to mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra.

11. Med eit slag blinda dei mennene utanfor huset, både små og store. Dei streva til inga nytte med å finna døra.

12. Då sa mennene til Lot: «Har du elles nokon her, ein svigerson, søner eller døtrer eller andre som høyrer deg til i byen, så ta dei bort herifrå.

13. For no skal vi øydeleggja denne staden. Klageropet for Herrens andlet har vorte så stort at han har sendt oss for å øydeleggja byen.»

14. Då gjekk Lot ut og tala med svigersønene sine, dei som skulle ha døtrene hans. «Skund dykk bort frå denne staden», sa han, «for no vil Herren øydeleggja byen!» Men svigersønene trudde at han heldt dei for narr.

15. Då det grydde av dag, skunda englane på Lot og sa: «Dra av stad! Ta med deg kona di og dei to døtrene dine som er her, så du ikkje blir riven bort når byen blir straffa!»

16. Men då han nølte, tok mennene han og kona hans og dei to døtrene i handa, for Herren hadde omsorg for han. Dei førte han bort og sette han trygt utanfor byen.

17. Då dei hadde ført dei ut, sa ein av mennene: «Røm for livet! Sjå deg ikkje tilbake, og stans ikkje nokon stad på sletta. Røm til fjells, elles blir du riven bort.»

18. Men Lot svara dei: «Å nei, herre!

Les hele kapitlet 1. Mosebok 19