Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Sodoma og Gomorra blir øydelagde

1. Dei to englane kom til Sodoma om kvelden medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk til møtes med dei, bøygde andletet mot jorda

2. og sa: «Høyr, mine herrar! Ta inn i huset til tenaren dykkar for natta. Der kan de vaska føtene, og i morgon kan de stå tidleg opp og dra vidare.» Dei svara: «Nei, vi overnattar ute på torget.»

3. Men han bad dei så inntrengjande at dei vart med han. Og då dei kom inn i huset, laga han til eit festmåltid for dei. Han baka usyra brød, og dei åt.

4. Men før dei hadde lagt seg, kom alle mennene i Sodoma, både unge og gamle, frå alle kantar av byen og omringa huset.

5. Dei ropa på Lot og sa til han: «Kvar er dei mennene som kom til deg i natt? Før dei ut til oss! Vi vil ha viljen vår med dei!»

6. Då gjekk Lot ut til dei i døropninga, stengde døra etter seg

7. og sa: «Brør, gjer ikkje slik ei ugjerning!

8. Høyr no! Eg har to døtrer som ikkje har vore saman med nokon mann. Lat meg føra dei ut til dykk, så kan de gjera med dei som de vil. Men desse mennene må de ikkje gjera noko, for dei har funne ly under mitt tak.»

9. Men dei ropa: «Flytt deg!» Og dei heldt fram: «Her kjem ein innflyttar for å bu hos oss, og så vil han gjera seg til dommar! No skal vi gjera verre ugjerningar mot deg enn mot dei.» Dei trengde seg hardt inn på mannen Lot og heldt på å slå inn døra.

10. Då rette dei to mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra.

11. Med eit slag blinda dei mennene utanfor huset, både små og store. Dei streva til inga nytte med å finna døra.

12. Då sa mennene til Lot: «Har du elles nokon her, ein svigerson, søner eller døtrer eller andre som høyrer deg til i byen, så ta dei bort herifrå.

13. For no skal vi øydeleggja denne staden. Klageropet for Herrens andlet har vorte så stort at han har sendt oss for å øydeleggja byen.»

14. Då gjekk Lot ut og tala med svigersønene sine, dei som skulle ha døtrene hans. «Skund dykk bort frå denne staden», sa han, «for no vil Herren øydeleggja byen!» Men svigersønene trudde at han heldt dei for narr.

15. Då det grydde av dag, skunda englane på Lot og sa: «Dra av stad! Ta med deg kona di og dei to døtrene dine som er her, så du ikkje blir riven bort når byen blir straffa!»

16. Men då han nølte, tok mennene han og kona hans og dei to døtrene i handa, for Herren hadde omsorg for han. Dei førte han bort og sette han trygt utanfor byen.

17. Då dei hadde ført dei ut, sa ein av mennene: «Røm for livet! Sjå deg ikkje tilbake, og stans ikkje nokon stad på sletta. Røm til fjells, elles blir du riven bort.»

18. Men Lot svara dei: «Å nei, herre!

19. Sjå, tenaren din har funne nåde for dine auge. Du har vore svært god og berga livet mitt. Men eg kan ikkje rømma til fjells. For då kunne ulukka ramma meg så eg måtte døy.

20. Sjå, den byen der ligg så nær at eg kan rømma dit, og han er så liten. Lat meg få rømma dit så eg kan berga livet! Byen er då så liten.»

21. Då sa han: «Ja, eg gjer som du vil i dette òg. Den byen du nemner, skal eg ikkje øydeleggja.

22. Skund deg, røm dit! For eg kan ikkje gjera noko før du er komen dit.» – Difor heiter byen Soar.

23. Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar.

24. Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen.

25. Han øydela desse byane, heile sletta, alle som budde i byane, og alt som voks på marka.

26. Men kona til Lot såg seg tilbake. Då vart ho til ei saltstøtte.

27. Tidleg om morgonen skunda Abraham seg til den staden der han hadde stått framfor Herrens andlet.

28. Då han såg ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, fekk han sjå at det steig røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn.

29. Den gongen då Gud gjorde ende på byane på sletta, kom han Abraham i hug. Gud henta Lot rett ut frå øydeleggingane som han sende over dei byane Lot hadde budd i.

Døtrene til Lot

30. Lot drog opp frå Soar og busette seg i fjellandet saman med dei to døtrene sine, for han var redd for å bu i Soar. Han budde i ei hòle, han og dei to døtrene.

31. Den eldste dottera sa til den yngste: «Far vår er gammal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan gå inn til oss på vanleg måte.

32. Kom, lat oss skjenkja far vår vin og liggja med han, så vi kan halda liv i ætta til far!»

33. Og dei skjenkte vin til far sin same natta, og den eldste gjekk inn og låg med far sin. Han merka ikkje at ho la seg, og ikkje at ho stod opp.

34. Dagen etter sa den eldste til den yngste: «Høyr no, i natt låg eg med far. Lat oss skjenkja han vin i natt òg. Så går du inn og ligg med han, så vi kan halda liv i ætta etter far vår.»

35. Også den natta skjenkte dei far sin vin, og den yngste gjekk inn og låg med han. Han merka ikkje at ho la seg, og ikkje at ho stod opp.

36. No skulle begge døtrene til Lot ha barn med far sin.

37. Den eldste fødde ein son og kalla han Moab. Han er stamfar til moabittane, som finst den dag i dag.

38. Også den yngste fødde ein son og gav han namnet Ben-Ammi. Han er stamfar til ammonittane, som finst den dag i dag.