Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 19:23-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar.

24. Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen.

25. Han øydela desse byane, heile sletta, alle som budde i byane, og alt som voks på marka.

26. Men kona til Lot såg seg tilbake. Då vart ho til ei saltstøtte.

27. Tidleg om morgonen skunda Abraham seg til den staden der han hadde stått framfor Herrens andlet.

28. Då han såg ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, fekk han sjå at det steig røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn.

29. Den gongen då Gud gjorde ende på byane på sletta, kom han Abraham i hug. Gud henta Lot rett ut frå øydeleggingane som han sende over dei byane Lot hadde budd i.

30. Lot drog opp frå Soar og busette seg i fjellandet saman med dei to døtrene sine, for han var redd for å bu i Soar. Han budde i ei hòle, han og dei to døtrene.

31. Den eldste dottera sa til den yngste: «Far vår er gammal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan gå inn til oss på vanleg måte.

32. Kom, lat oss skjenkja far vår vin og liggja med han, så vi kan halda liv i ætta til far!»

33. Og dei skjenkte vin til far sin same natta, og den eldste gjekk inn og låg med far sin. Han merka ikkje at ho la seg, og ikkje at ho stod opp.

34. Dagen etter sa den eldste til den yngste: «Høyr no, i natt låg eg med far. Lat oss skjenkja han vin i natt òg. Så går du inn og ligg med han, så vi kan halda liv i ætta etter far vår.»

35. Også den natta skjenkte dei far sin vin, og den yngste gjekk inn og låg med han. Han merka ikkje at ho la seg, og ikkje at ho stod opp.

36. No skulle begge døtrene til Lot ha barn med far sin.

37. Den eldste fødde ein son og kalla han Moab. Han er stamfar til moabittane, som finst den dag i dag.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 19