Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 23:21-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Merari-sønene var Mahli og Musji. Sønene til Mahli var Elasar og Kisj.

22. Elasar døydde; han hadde ingen søner, berre døtrer. Og sønene til Kisj, slektningane deira, tok dei til koner.

23. Sønene til Musji var Mahli, Eder og Jeremot, tre i alt.

24. Dette var Levi-sønene, familie for familie, med leiarane sine, som vart talde og nemnde med namn, ein for ein. Dei var det som stelte med tenesta i Herrens hus, og det gjorde dei frå tjueårsalderen og oppover.

25. For David sa: «Herren, Israels Gud, har gjeve folket sitt fred, og han vil bu i Jerusalem til evig tid.

26. Difor treng ikkje levittane meir å bera bustaden og alt utstyret som høyrer med til tenesta der.»

27. Noko av det siste David gjorde, var å telja levittane som var tjue år eller meir.

28. Deira oppgåve var å hjelpa aronittane med tenesta i Herrens hus, i føregardane og sideromma, med reinsinga av alt det heilage utstyret og med tenesta som skulle gjerast i Guds hus.

29. Dei skulle stella med skodebrøda, det fine mjølet til grødeofferet, dei usyra flate brøda, med det som blir steikt på helle, og med deigen som blir knadd; dei skulle òg sjå etter alle holmål og lengdemål.

30. Kvar morgon skulle dei stå og takka og lovsyngja Herren, like eins kvar kveld.

31. Dei skulle hjelpa til kvar gong det vart bore fram brennoffer for Herren, så mange offer som var fastsette for kvar sabbat, nymånedag og høgtid, og alltid stå for Herrens andlet.

32. Såleis skulle dei ha ansvar for teltheilagdomen og tempelet og hjelpa brørne sine, aronittane, når dei gjorde teneste i Herrens hus.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 23