Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Levittane får kvar sine gjeremål

1. Då David var gammal og mett av dagar, sette han Salomo, son sin, til konge over Israel.

2. Han samla alle leiarane i Israel og prestane og levittane.

3. Levittane som var tretti år eller meir, vart talde. Talet på menn, talde ein for ein, var 38 000.

4. Av desse skulle 24 000 leia arbeidet på Herrens hus, og 6000 skulle vera tilsynsmenn og dommarar.

5. 4000 skulle vera dørvaktarar, og 4000 skulle lovsyngja Herren til tonar frå instrument som David hadde fått laga til lovsongen.

6. David delte dei inn i skift etter Levi-sønene Gersjon, Kehat og Merari.

7. Til Gersjon-sønene høyrde Ladan og Sjimi.

8. Sønene til Ladan var Jehiel, som var den fremste, og Setam og Joel, tre i alt.

9. Sønene til Sjimi var Sjelomot, Hasiel og Haran, tre i alt. Det var leiarane for Ladan-familiane.

10. Sønene til Sjimi var Jahat, Sisa, Je'usj og Beria. Det var Sjimi-sønene, fire i alt.

11. Jahat var leiar, Sisa den neste. Je'usj og Beria hadde ikkje mange søner. Difor vart dei rekna som éin familie, og dei vart mønstra under eitt.

12. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel, fire i alt.

13. Sønene til Amram var Aron og Moses. Aron vart utskild, så han og sønene hans til alle tider skulle vigsla det høgheilage, tenna offereld for Herrens andlet, tena han og lysa velsigning i hans namn til evig tid.

14. Moses var ein Guds mann. Sønene hans vart rekna til Levi-stammen.

15. Sønene til Moses var Gersjom og Elieser.

16. Gersjom hadde sonen Sjubael, som var leiar.

17. Son til Elieser, Rehabja, var leiar. Elieser hadde ikkje andre søner, men sønene til Rehabja var talrike.

18. Jishar hadde sonen Sjelomit, som var leiar.

19. Av Hebron-sønene var Jeria leiar; den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam.

20. Av Ussiel-sønene var Mika leiar, og Jisjia var den neste.

21. Merari-sønene var Mahli og Musji. Sønene til Mahli var Elasar og Kisj.

22. Elasar døydde; han hadde ingen søner, berre døtrer. Og sønene til Kisj, slektningane deira, tok dei til koner.

23. Sønene til Musji var Mahli, Eder og Jeremot, tre i alt.

24. Dette var Levi-sønene, familie for familie, med leiarane sine, som vart talde og nemnde med namn, ein for ein. Dei var det som stelte med tenesta i Herrens hus, og det gjorde dei frå tjueårsalderen og oppover.

25. For David sa: «Herren, Israels Gud, har gjeve folket sitt fred, og han vil bu i Jerusalem til evig tid.

26. Difor treng ikkje levittane meir å bera bustaden og alt utstyret som høyrer med til tenesta der.»

27. Noko av det siste David gjorde, var å telja levittane som var tjue år eller meir.

28. Deira oppgåve var å hjelpa aronittane med tenesta i Herrens hus, i føregardane og sideromma, med reinsinga av alt det heilage utstyret og med tenesta som skulle gjerast i Guds hus.

29. Dei skulle stella med skodebrøda, det fine mjølet til grødeofferet, dei usyra flate brøda, med det som blir steikt på helle, og med deigen som blir knadd; dei skulle òg sjå etter alle holmål og lengdemål.

30. Kvar morgon skulle dei stå og takka og lovsyngja Herren, like eins kvar kveld.

31. Dei skulle hjelpa til kvar gong det vart bore fram brennoffer for Herren, så mange offer som var fastsette for kvar sabbat, nymånedag og høgtid, og alltid stå for Herrens andlet.

32. Såleis skulle dei ha ansvar for teltheilagdomen og tempelet og hjelpa brørne sine, aronittane, når dei gjorde teneste i Herrens hus.