Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 23:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då David var gammal og mett av dagar, sette han Salomo, son sin, til konge over Israel.

2. Han samla alle leiarane i Israel og prestane og levittane.

3. Levittane som var tretti år eller meir, vart talde. Talet på menn, talde ein for ein, var 38 000.

4. Av desse skulle 24 000 leia arbeidet på Herrens hus, og 6000 skulle vera tilsynsmenn og dommarar.

5. 4000 skulle vera dørvaktarar, og 4000 skulle lovsyngja Herren til tonar frå instrument som David hadde fått laga til lovsongen.

6. David delte dei inn i skift etter Levi-sønene Gersjon, Kehat og Merari.

7. Til Gersjon-sønene høyrde Ladan og Sjimi.

8. Sønene til Ladan var Jehiel, som var den fremste, og Setam og Joel, tre i alt.

9. Sønene til Sjimi var Sjelomot, Hasiel og Haran, tre i alt. Det var leiarane for Ladan-familiane.

10. Sønene til Sjimi var Jahat, Sisa, Je'usj og Beria. Det var Sjimi-sønene, fire i alt.

11. Jahat var leiar, Sisa den neste. Je'usj og Beria hadde ikkje mange søner. Difor vart dei rekna som éin familie, og dei vart mønstra under eitt.

12. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel, fire i alt.

13. Sønene til Amram var Aron og Moses. Aron vart utskild, så han og sønene hans til alle tider skulle vigsla det høgheilage, tenna offereld for Herrens andlet, tena han og lysa velsigning i hans namn til evig tid.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 23