Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 12:5-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Elusai, Jerimot, Bealja, Sjemarja og Sjefatja frå Haruf;

6. Elkana, Jisjia, Asarel, Joeser og Jasjobam av Korah-slekta;

7. Joela og Sebadja, sønene til Jeroham, frå Gedor.

8. Av gadittane gjekk nokre over til David då han var i fjellborga i ørkenen. Dei var djerve krigarar, væpna med skjold og spyd, menn som var vande med å kjempa. Dei såg ut som løver og var raske som gasellar på fjella.

9. Den første var Eser, den andre Obadja, den tredje Eliab,

10. den fjerde Misjmanna, den femte Jeremia,

11. den sjette Attai, den sjuande Eliel,

12. den åttande Johanan, den niande Elsabad,

13. den tiande Jeremia og den ellevte Makbannai.

14. Desse høyrde til Gad-stammen og var hærførarar. Den minste av dei stod over hundre, den største over tusen.

15. Det var dei som kryssa Jordan i den første månaden, då elva gjekk over sine bredder. Dei dreiv alle som budde i dalen, på flukt, både mot aust og mot vest.

16. Ein gong kom det nokre frå Benjamin og Juda til David i fjellborga.

17. David gjekk ut til dei, tok til orde og sa: «Kjem de til meg i fredeleg ærend og vil hjelpa meg, så vil eg heilhjarta gjera felles sak med dykk. Men kjem de og vil svika meg og gje meg over til fiendane mine, endå mine hender ingen urett har gjort, måtte då våre fedrars Gud sjå det og straffa dykk!»

18. Då kom Anden over Amasai, hovdingen for dei tretti, og han sa:Vi høyrer deg til, David,vi er med deg, Isais son.Fred, fred med degog fred over hjelparane dine!For din Gud er din hjelpar.Då tok David imot dei og sette dei til hovdingar i flokken sin.

19. Nokre frå Manasse gjekk òg over til David. Det var den gongen han gjekk med filistrane for å kjempa mot Saul. Men David vart ikkje til noka hjelp for dei. For filistarhovdingane rådslo og vart samde om å senda han bort. «Det kan kosta oss hovudet», sa dei, «om han går over til Saul, herren sin.»

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 12