Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Folket sluttar opp om David

1. Dette er dei som kom til David i Siklag medan han endå laut halda seg unna Saul, son til Kisj. Dei høyrde til heltane som hjelpte han i kampen.

2. Dei var væpna med boge, og med både høgre og venstre hand kunne dei slyngja steinar og skyta piler med bogen. Dei høyrde til Saul sine slektningar, av Benjamin-stammen.

3. Det var hovdingen Ahieser, Joasj, son til Sjemaa frå Gibea; Jesiel og Pelet, sønene til Asmavet, Berekja og Jehu frå Anatot;

4. Jisjmaja frå Gibeon, ein helt mellom dei tretti og hovding over dei tretti; Jeremia, Jahasiel, Johanan og Josabad frå Gedera;

5. Elusai, Jerimot, Bealja, Sjemarja og Sjefatja frå Haruf;

6. Elkana, Jisjia, Asarel, Joeser og Jasjobam av Korah-slekta;

7. Joela og Sebadja, sønene til Jeroham, frå Gedor.

8. Av gadittane gjekk nokre over til David då han var i fjellborga i ørkenen. Dei var djerve krigarar, væpna med skjold og spyd, menn som var vande med å kjempa. Dei såg ut som løver og var raske som gasellar på fjella.

9. Den første var Eser, den andre Obadja, den tredje Eliab,

10. den fjerde Misjmanna, den femte Jeremia,

11. den sjette Attai, den sjuande Eliel,

12. den åttande Johanan, den niande Elsabad,

13. den tiande Jeremia og den ellevte Makbannai.

14. Desse høyrde til Gad-stammen og var hærførarar. Den minste av dei stod over hundre, den største over tusen.

15. Det var dei som kryssa Jordan i den første månaden, då elva gjekk over sine bredder. Dei dreiv alle som budde i dalen, på flukt, både mot aust og mot vest.

16. Ein gong kom det nokre frå Benjamin og Juda til David i fjellborga.

17. David gjekk ut til dei, tok til orde og sa: «Kjem de til meg i fredeleg ærend og vil hjelpa meg, så vil eg heilhjarta gjera felles sak med dykk. Men kjem de og vil svika meg og gje meg over til fiendane mine, endå mine hender ingen urett har gjort, måtte då våre fedrars Gud sjå det og straffa dykk!»

18. Då kom Anden over Amasai, hovdingen for dei tretti, og han sa:Vi høyrer deg til, David,vi er med deg, Isais son.Fred, fred med degog fred over hjelparane dine!For din Gud er din hjelpar.Då tok David imot dei og sette dei til hovdingar i flokken sin.

19. Nokre frå Manasse gjekk òg over til David. Det var den gongen han gjekk med filistrane for å kjempa mot Saul. Men David vart ikkje til noka hjelp for dei. For filistarhovdingane rådslo og vart samde om å senda han bort. «Det kan kosta oss hovudet», sa dei, «om han går over til Saul, herren sin.»

20. Då han så drog til Siklag, gjekk nokre frå Manasse over til han. Det var Adna, Josabad, Jediael, Mikael, Josabad, Elihu og Silletai. Dei var førarar for dei tusen som høyrde Manasse til.

21. Dei hjelpte David mot røvarflokkane, for dei var djerve krigarar alle saman, og dei vart hærførarar.

22. Dag etter dag kom det folk til David og ville hjelpa han. Til sist vart det ein veldig hær.

23. Dette er talet på dei våpenføre mennene som kom til David i Hebron og ville føra kongedømet over frå Saul til David, så som Herren hadde sagt.

24. Av Juda-stammen, menn som bar skjold og spyd, 6800 våpenføre menn,

25. av Simon-stammen 7100 tapre krigarar;

26. av Levi-stammen 4600 mann,

27. dessutan Jojada, føraren for aronittane, med 3700 mann,

28. og Sadok, ein ung og djerv krigar, med si slekt, til saman 22 førarar;

29. av Benjamin-stammen, Sauls slektningar, 3000 mann; til då hadde storparten av dei vore i teneste for Sauls hus;

30. av Efraim-stammen 20 800 djerve krigarar, namngjetne menn i familiane sine;

31. av den eine halvparten av Manasse-stammen 18 000 mann som var utpeika til å fara av stad og gjera David til konge;

32. av Jissakar-stammen 200 førarar, som hadde innsikt i å tyda tidene, så dei visste kva Israel skulle gjera, og alle slektningane som var under dei;

33. av Sebulon-stammen 50 000 våpenføre menn. Dei var rusta med alle slag våpen, ei fylking som heilhjarta ville hjelpa;

34. av Naftali-stammen 1000 førarar og med dei 37 000 mann som bar skjold og spyd;

35. av Dan-stammen 28 600 menn rusta til kamp;

36. av Asjer-stammen 40 000 våpenføre menn rusta til kamp;

37. frå den andre sida av Jordan, av Ruben-stammen og Gad-stammen og den andre halvparten av Manasse-stammen, 120 000 mann. Dei var alle rusta til kamp med mange slags våpen.

38. Alle desse krigarane kom i slutta orden til Hebron med fast vilje til å gjera David til konge over heile Israel. Og alle dei andre israelittane var òg samde om å gjera David til konge.

39. I tre dagar var dei hos David. Dei åt og drakk; for landsmennene deira sytte vel for dei.

40. Også frå grannelaget, ja, jamvel heilt frå Jissakar, Sebulon og Naftali, kom dei med mat på esel, kamelar, muldyr og oksar: mjøl, fikenkaker, rosinkaker, vin og olje og storfe og småfe i mengd. For no var det glede i Israel.