Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 12:33-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. av Sebulon-stammen 50 000 våpenføre menn. Dei var rusta med alle slag våpen, ei fylking som heilhjarta ville hjelpa;

34. av Naftali-stammen 1000 førarar og med dei 37 000 mann som bar skjold og spyd;

35. av Dan-stammen 28 600 menn rusta til kamp;

36. av Asjer-stammen 40 000 våpenføre menn rusta til kamp;

37. frå den andre sida av Jordan, av Ruben-stammen og Gad-stammen og den andre halvparten av Manasse-stammen, 120 000 mann. Dei var alle rusta til kamp med mange slags våpen.

38. Alle desse krigarane kom i slutta orden til Hebron med fast vilje til å gjera David til konge over heile Israel. Og alle dei andre israelittane var òg samde om å gjera David til konge.

39. I tre dagar var dei hos David. Dei åt og drakk; for landsmennene deira sytte vel for dei.

40. Også frå grannelaget, ja, jamvel heilt frå Jissakar, Sebulon og Naftali, kom dei med mat på esel, kamelar, muldyr og oksar: mjøl, fikenkaker, rosinkaker, vin og olje og storfe og småfe i mengd. For no var det glede i Israel.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 12