Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 12:26-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. av Levi-stammen 4600 mann,

27. dessutan Jojada, føraren for aronittane, med 3700 mann,

28. og Sadok, ein ung og djerv krigar, med si slekt, til saman 22 førarar;

29. av Benjamin-stammen, Sauls slektningar, 3000 mann; til då hadde storparten av dei vore i teneste for Sauls hus;

30. av Efraim-stammen 20 800 djerve krigarar, namngjetne menn i familiane sine;

31. av den eine halvparten av Manasse-stammen 18 000 mann som var utpeika til å fara av stad og gjera David til konge;

32. av Jissakar-stammen 200 førarar, som hadde innsikt i å tyda tidene, så dei visste kva Israel skulle gjera, og alle slektningane som var under dei;

33. av Sebulon-stammen 50 000 våpenføre menn. Dei var rusta med alle slag våpen, ei fylking som heilhjarta ville hjelpa;

34. av Naftali-stammen 1000 førarar og med dei 37 000 mann som bar skjold og spyd;

35. av Dan-stammen 28 600 menn rusta til kamp;

36. av Asjer-stammen 40 000 våpenføre menn rusta til kamp;

37. frå den andre sida av Jordan, av Ruben-stammen og Gad-stammen og den andre halvparten av Manasse-stammen, 120 000 mann. Dei var alle rusta til kamp med mange slags våpen.

38. Alle desse krigarane kom i slutta orden til Hebron med fast vilje til å gjera David til konge over heile Israel. Og alle dei andre israelittane var òg samde om å gjera David til konge.

39. I tre dagar var dei hos David. Dei åt og drakk; for landsmennene deira sytte vel for dei.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 12