Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 12:18-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Då kom Anden over Amasai, hovdingen for dei tretti, og han sa:Vi høyrer deg til, David,vi er med deg, Isais son.Fred, fred med degog fred over hjelparane dine!For din Gud er din hjelpar.Då tok David imot dei og sette dei til hovdingar i flokken sin.

19. Nokre frå Manasse gjekk òg over til David. Det var den gongen han gjekk med filistrane for å kjempa mot Saul. Men David vart ikkje til noka hjelp for dei. For filistarhovdingane rådslo og vart samde om å senda han bort. «Det kan kosta oss hovudet», sa dei, «om han går over til Saul, herren sin.»

20. Då han så drog til Siklag, gjekk nokre frå Manasse over til han. Det var Adna, Josabad, Jediael, Mikael, Josabad, Elihu og Silletai. Dei var førarar for dei tusen som høyrde Manasse til.

21. Dei hjelpte David mot røvarflokkane, for dei var djerve krigarar alle saman, og dei vart hærførarar.

22. Dag etter dag kom det folk til David og ville hjelpa han. Til sist vart det ein veldig hær.

23. Dette er talet på dei våpenføre mennene som kom til David i Hebron og ville føra kongedømet over frå Saul til David, så som Herren hadde sagt.

24. Av Juda-stammen, menn som bar skjold og spyd, 6800 våpenføre menn,

25. av Simon-stammen 7100 tapre krigarar;

26. av Levi-stammen 4600 mann,

27. dessutan Jojada, føraren for aronittane, med 3700 mann,

28. og Sadok, ein ung og djerv krigar, med si slekt, til saman 22 førarar;

29. av Benjamin-stammen, Sauls slektningar, 3000 mann; til då hadde storparten av dei vore i teneste for Sauls hus;

30. av Efraim-stammen 20 800 djerve krigarar, namngjetne menn i familiane sine;

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 12