Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 9:7-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. og ikkje alle som er ætta frå Abraham, er Abrahams born. Det står då: Gjennom Isak skal du få ei ætt som kallast di.

8. Det vil seia: Det er ikkje naturleg nedætting som gjer nokon til Guds born. Det er dei som er born etter lovnaden, som skal reknast for Abrahams ætt.

9. For dette er eit lovnadsord: Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son.

10. Og dette er ikkje alt. Rebekka fekk to søner med éin mann, Isak, ættefar vår.

11. Før dei var fødde, då dei korkje hadde gjort godt eller vondt, sa Gud til henne: Den eldste skal tena den yngste. Guds plan og utveljing skulle stå ved lag,

12. og den er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar.

13. Det står då skrive: Jakob hadde eg kjær, men mot Esau hadde eg uvilje.

14. Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå!

15. For til Moses seier han: Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynkast over den som eg ynkast over.

16. Så står det ikkje til den som vil, og ikkje til den som strevar, men til Gud som gjer miskunn.

17. For Skrifta seier til farao: Når eg lét deg stiga fram, var det av di eg ville syna mi makt på deg og la mitt namn verta kunngjort over heile jorda.

18. Det viser at han gjer miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil.

19. No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?»

20. Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til meisteren: «Kvifor laga du meg slik?»

21. Eller har ikkje krusmakaren makt over leiret, så han av same deigen kan laga eit kar til ære og eit anna til vanære?

22. Og endå Gud ville syna sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort langmod tolt dei kar som var under vreiden, dei som var laga for å gå til grunne.

23. Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei kar som han ville syna miskunn, dei som han føreåt hadde gjort ferdige til herlegdom.

24. Oss òg har han kalla til å vera slike kar, ikkje berre mellom jødane, men mellom dei andre folkeslaga òg.

25. Som han seier hjå Hosea:Dei som ikkje er mitt folk,vil eg kalla mitt folk,og henne som eg ikkje elska,vil eg kalla den som eg elskar.

Les hele kapitlet Romarane 9