Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 9:19-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?»

20. Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til meisteren: «Kvifor laga du meg slik?»

21. Eller har ikkje krusmakaren makt over leiret, så han av same deigen kan laga eit kar til ære og eit anna til vanære?

22. Og endå Gud ville syna sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort langmod tolt dei kar som var under vreiden, dei som var laga for å gå til grunne.

23. Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei kar som han ville syna miskunn, dei som han føreåt hadde gjort ferdige til herlegdom.

24. Oss òg har han kalla til å vera slike kar, ikkje berre mellom jødane, men mellom dei andre folkeslaga òg.

25. Som han seier hjå Hosea:Dei som ikkje er mitt folk,vil eg kalla mitt folk,og henne som eg ikkje elska,vil eg kalla den som eg elskar.

26. Og på den staden ¬der det vart sagt til dei:De er ikkje mitt folk,der skal dei kallastborna åt den levande Gud.

27. Og Jesaja ropar ut over Israel:Om Israel var så talrikt ¬som havsens sand,skal berre ein rest verta frelst.

28. Det Herren har sagt, ¬skal han gjera på jorda;han avgrensar, ¬men fullfører det.

29. Og som Jesaja før har sagt:Hadde ikkje Herren, ¬Allhærs Gud,late ei ætt vera att åt oss,då var vi som Sodoma,då likna vi Gomorra.

Les hele kapitlet Romarane 9