Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 9:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Det eg no seier, er sanning; eg lyg ikkje! For eg talar i trua på Kristus, og samvitet mitt stadfester det i Den Heilage Ande.

2. Eg ber på ei stor sorg og ei stendig liding i hjarta mitt.

3. For eg skulle ynskja at eg sjølv var bannstøytt og skild frå Kristus, berre det hadde gagna mine brør og landsmenn.

4. Dei er då israelittar; dei har barnekåret og Guds herlegdom, paktene og lova, tempeltenesta og lovnadene;

5. deira er fedrane, og frå dei er Kristus komen som menneske, han som er Gud over alle ting, høglova i all æve. Amen.

6. Med dette vil eg ikkje ha sagt at Guds ord har vorte om inkje. For ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer Israel til,

7. og ikkje alle som er ætta frå Abraham, er Abrahams born. Det står då: Gjennom Isak skal du få ei ætt som kallast di.

8. Det vil seia: Det er ikkje naturleg nedætting som gjer nokon til Guds born. Det er dei som er born etter lovnaden, som skal reknast for Abrahams ætt.

9. For dette er eit lovnadsord: Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son.

Les hele kapitlet Romarane 9