Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 16:2-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Ta imot henne i Herren, som det sømer seg for kristne. Gjev henne den hjelp ho treng å få av dykk. Sjølv har ho vore til hjelp for mange, for meg òg.

3. Helsa Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristi Jesu teneste.

4. Dei våga livet for å berga meg. Det har ikkje berre eg, men alle dei heidningkristne kyrkjelydane grunn til å takka dei for.

5. Helsa òg kyrkjelyden som samlast heime hjå dei. Helsa min kjære Epainetos; han var den fyrste som vart vunnen for Kristus i Asia.

6. Helsa Maria, som har arbeidt så mykje for dykk.

7. Helsa Andronikus og Junias, landsmennene mine, som har sete i fengsel saman med meg. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei vart kristne før meg.

8. Helsa Ampliatus, min kjære kristne ven.

9. Helsa Urbanus, medarbeidaren vår i Kristi teneste, og min kjære Stakys.

10. Helsa Apelles, han som har stått si prøve som kristen. Helsa Aristobolus og huslyden hans.

11. Helsa Herodion, landsmannen min. Helsa dei kristne i huslyden hjå Narkissos.

12. Helsa Tryfena og Tryfosa som arbeider for Herren. Helsa den kjære Persis, som har arbeidt så mykje for Herren.

13. Helsa Rufus, Herrens utvalde, og mor hans; ho har vore ei mor for meg òg.

Les hele kapitlet Romarane 16