Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 10:5-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova.

6. Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned –

7. eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde.

8. Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner.

9. For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst.

10. Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste.

11. Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.

12. For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.

13. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

14. Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner?

15. Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Det står då skrive: Kor herleg det lyder når dei kjem, dei som ber gledebod!

16. Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår?

17. Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

Les hele kapitlet Romarane 10