Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 10:11-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.

12. For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.

13. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

14. Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner?

15. Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Det står då skrive: Kor herleg det lyder når dei kjem, dei som ber gledebod!

16. Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår?

17. Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

18. Har dei ikkje høyrt? spør eg. Jau, sanneleg:Røysta deira har nått ¬over heile jorda,deira ord til heimsens endar.

19. Men så spør eg: Kan henda Israel ikkje har skjøna det? Fyrst seier Moses:Eg vil eggja dykk til misunningmot dei som ikkje er eit folk,på eit uvitug folk vil eg ¬gjera dykk harme.

20. Og Jesaja går så langt at han seier:Eg vart funnen av dei ¬som ikkje søkte meg;eg openberra meg for deisom ikkje spurde etter meg.

21. Men om Israel seier han:Heile dagen rette eg ut ¬mine hendertil eit ulydig og trassig folk.

Les hele kapitlet Romarane 10