Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 9:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Ei tid etter var Jesus gjest heime hjå Matteus, og det kom mange tollarar og syndarar og sat til bords saman med Jesus og læresveinane hans.

11. Farisearane såg det og sa til læresveinane: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?»

12. Då Jesus høyrde det, sa han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke.

13. Gå og lær kva som ligg i det ordet: Det er miskunn eg vil ha og ikkje offer. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

14. Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: «Både vi og farisearane fastar, kvifor fastar ikkje læresveinane dine?»

15. Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene syrgja så lenge brudgomen er hjå dei? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken frå dei; då skal dei fasta!

16. Ingen set ein lapp av ukrympa ty på eit gamalt kledeplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta vert større.

17. Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker; for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker; då held dei seg begge.»

18. Medan han tala til dei om dette, kom ein synagogeforstandar og fall på kne for han og sa: «Dotter mi er nett slokna; men kom og legg handa di på henne, så vert ho levande att.»

19. Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane fylgde.

20. No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans.

21. For ho tenkte: «Kan eg berre få ta i kappa hans, så vert eg frisk.»

22. I det same snudde Jesus seg, og då han såg henne, sa han: «Ver frimodig, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart god att i same stunda.

Les hele kapitlet Matteus 9