Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 8:19-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Ein skriftlærd kom til han og sa: «Meister, eg vil fylgja deg kvar du går.»

20. Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»

21. Ein annan, ein av læresveinane, sa til han: «Herre, lat meg fyrst få gå heim og gravleggja far min.»

22. Men Jesus svara: «Fylg du meg, og lat dei døde gravleggja sine døde.»

23. Så gjekk han ut i båten, og læresveinane fylgde han.

24. Brått bles det opp til storm på sjøen, og bylgjene slo over båten. Men Jesus sov.

25. Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels! Vi går under!»

26. Han svara: «Kvifor er de så redde? Kor lite tru de har!» Så reiste han seg og truga vinden og sjøen, og det vart blikande stilt.

27. Mennene undra seg og sa: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han.»

28. Då Jesus kom over på hi sida, til Gadarenar-landet, møtte han to forgjorde menn som kom ut or gravholene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen.

29. Dei sette i og ropa: «Kva har du med oss å gjera, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?»

30. Eit godt stykke der ifrå gjekk det ein stor svineflokk på beite.

31. Og dei vonde åndene bad han: «Driv du oss ut, så send oss inn i svineflokken.»

32. «Far av stad!» sa Jesus. Og dei fór ut or mennene og inn i svina. Då sette heile flokken utfor eit stup og ned i sjøen, og der drukna dei.

33. Gjætarane rømde og sprang inn til byen. Der fortalde dei alt, og sa korleis det hadde gått med dei forgjorde.

34. Heile byen kom ut og ville møta Jesus. Og då dei fekk sjå han, bad dei han fara bort frå bygdene deira.

Les hele kapitlet Matteus 8